Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Høgefjellet 1438/Førde-Jostedalsbreen

Datum:
17.09.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:09h
Entfernung:
11,3km

Denne fjelltoppen har stått på vent som ein ekstra spesiell topp! Fordi den ligg inntil Grovabreen og i eit fantastisk naturområde. I vinter var eg og Joar Heika på fjellski ifrå Jølster på veg til toppen! Det fordi vi ikkje hadde gått akkurat den ruta ifrå Nyken/Fagredalen/Dvergsdalen i Jølster. Det er spennande å utforske sånne breområder, ikkje minst når det ligg der som det aller næraste og som ein ettermiddagstur etter jobb! Vi vart stoppa av veret på Nyken 1433 moh. Ganske så lokalt med skodde og etterkvart hard vind ifrå søraust! Sidan vart eit nytt alternativ tenkt, det ifrå Grøning i Haukedalen. Sidan eg kjende til navnet av ein lokal mann Ottar Grøneng. Vart det interessant å høyre med han om tur, det ifrå hans ganske så lommekjente rike! Dette er nok ein som >>>

Karte    

Kvannholtnipa 1640 moh ++ - Sogndal/Jostedalsbreen

Datum:
02.09.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:24h
Entfernung:
18,6km

Nesten inne ved Øygarden/Supphelledalen møtte eg synet av, ein særdeles treningsivrig ung "herremann" Eg måtte berre stoppe for å fortelle kva eg synest om han :) Kva skal ein med millionklasse idrettshaller når ein har instillinga som denne treningsglade guten, med navnet Ulvar Tufte. Prøv doble spensthopp på desse, den som vil... :) Med ein sånn velkomst inn i dalen! Følte eg at her er det berre å russle på, skodde eller ei... Eg starta seint i håp om at yr fekk rett! Men det vart ikkje heilt sånn blå himmel og sol, det vart ein tur med nydelige glimt, gps trakk og noko sleipt føre på dei bratte partia. Men likevel ein fantastisk fin rundtur i stilla! Einaste møtet med folk var ei engelsk gruppe i blåbærtuene, nede ved Vetla Supphellenipa 850 m Det lyste blåbær >>>

Vinterlandet på Kvannebakknova - Jølster/Jostedalsbreen

Datum:
20.06.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,2km

Regnbyger og rufsete ver nede i Jølstrabygda, med melisdryss på fjelltoppane! Då er det noko som seier meg at det kanskje er ein betre opplevelse i høgda. Så hender det seg at dragninga opp til breen blir så sterk, at det er berre å komme seg av gårde! Ferdig på jobb og eg plukka opp Knut (Min tango partner på Austanbotntinden) som ikkje er tung å be med opp på denne spesielle og vakre perla i Jølster. Varden ved nødbua, har eg ofte undra meg over. Kven kan ha laga den og kvifor! Tilfeldig las eg i boka Jølster bygda og breen av Jarle Helgheim. Der sto svaret! "Snoavarden på Kvannebakknova vart bygd 19. juli 1964 av engelskmannen John Snoad, Olav J. Befring og Norvald Befring. Sommaren 1963 kom den 29 år gamle Snoad ilag med ein kamerat over breen frå Flatbrehytta for >>>

Karte    

Tortnegrøegga/Skåfjellet-Jølster

Datum:
10.02.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:49h
Entfernung:
12,0km

Fantastisk, frisk og hærleg tur til Tortnegrøegga i dag! Medan Brit Siv skulle grave til sin observasjon, tenkte eg å rusle opp på Tortnegrøegga. Men måtte gi meg like under toppen, det var så glasert og hardt. Det vart ein snartur bortom Skåfjellet før retur. Men det bles etterkvart ganske så kraftig, måtte stoppe og vente mellom råsene! Greit å ha litt kontroll på skavlane der oppe! Lengre nede mot skoggrensa roa det seg litt med vind og sikta kom seg... det var berre å nyte siste nedfarta og all den nysnøen som var komt. Takker for fin tur Brit Siv

Karte    

Snønipa/kald teltnatt! = Eksotisk naturopplevelse...

Datum:
03.02.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
23:36h
Entfernung:
21,5km

Denne helga var det meldt strålande ver og omtrent vindstille på toppane! Då er det fint å gjere litt ekstra ut av naturlivet. Hadde nett snakka med Joar, og då den vanlege, gode oppsumerande fjellpraten fjernt og nært! Ver og føreforhold... Vinterturane på breane her i Jølster, melder seg ilag med godveret. Så eg ytra min plan om Snønipa og hyggelig er det alltid når fleire dukker opp på tur. Det vart rett ifrå jobb og pakke til ei vintertelting inne ved Snønipa og Haugabreen. Det var unnagjort på ein time. Kjekt å starte turen med litt dagslys. Var litt spent om det var trakka spor oppover mot Haugadalen. Dei spora måtte eg sette sjølv! Sekken var tung, men det var fort gløymt ved den totale stilla som var her i Haugadalen. Det var stjernehimmelen, konturane av dei høgreiste >>>

Karte    

Tortnegrøegga 1414 i god Sunnfjord ånd!

Datum:
04.12.2017
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
11,4km

Ein strålande søndagstur 19.11.17 i Jølstrafjell... Selfølgelig! :) Turfellesskapet er ganske så fint her i Sunnfjord. Solide bautaer er gode på å inkludere for ein og samme fine lidenskap! Det omhandlar ski/fjell og turlivet generellt. Ingen opptakskrav i dette miljøet :) https://www.friflyt.no/Ski/Guiden-til-Sunnfjords-fineste-toppturer Takk for fin tur Ingvald Kvåle, Tom Richard Grimstad, Lillian Alice Sætre, Brit Siv Fimland, Ola Nygård, Gudrunn Berntsen, Mariann Bruland og Ivar Johan Vågen

Karte    

Snoadvarden/Jostedalsbreen

Datum:
09.10.2017
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,2km

Fantastiske haustfargar i fjellet no... Ser på meldingane at det blir ei ruskeveke med lavtrykk og nedbør framover. Melisdrysset er komt ned på 900 moh. Er ferdig på jobb og ser fram til å komme meg opp på Kvannebakkbu ved Jostedalsbreen mellom arbeidsøktene mine! Eg tenker at eg lyt berre få med dei siste timane med godvær til fots og dei vakraste hausfargar, før kong vinter sveiper sitt teppe over det heile! Det vart ein bra strabasiøs tur mot siste del av toppen mot kveldinga! Med ei viss tyngde på sekk pakka etter forholda, gjennomslagsføre i snøura og vind, måtte eg nokre turar i kjellaren! Men det er jo det som er så hærleg, baske på og bruke kroppen i sånne omgivelsar. Kom bra med stegjerna og isøks denne gang opp mot siste punktet. Ingen andre på tur opp på Kvannebakkbu, >>>

Skåla opp 2017

Datum:
18.09.2017
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
16,4km

Årets Skåla opp 19 august, hadde eg ingen forventninger til. Fordi dette året hadde eg innerst inne valgt å sleppe opp forma og la det suse litt avgårde! Så ikkje heilt motivert til å stille til start denne gang og samme følelsen hadde eg litt til Hornindal rundt. Men der var det eigentlig greit fordi det løpet var mitt første langløp og ikkje så høge ambisjoner hadde eg til det!Tanken var å bli kjent med kva type løp det var. Sånn er eg skrudd sammen og sånn er det med mitt konkurranseinstinkt :) Men heldigvis så tenkte eg att, det er då super kjekt å treffe igjen kjekke og kjente i eit fint løpsmiljø. Det vart då mitt dårligaste løp på Skåla nokon gong...derfor vart også forundringa stor, då eg passerte Håkenstad Evertsen og det vart klasseseier. Ifjor hadde >>>

Kvannebakknova/Jostedalsbreen- Solnedgang og nesten fullmåne

Datum:
04.09.2017
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
17,3km

Når veret er som det er... kanskje heller av den ustabile sorten! Då må ein berre nytte seg av øyeblikket der og då. Naturen oppe ved Snoavarden ved Jostedalsbreen er for meg ein stad der naturen er hersker! Her oppe er det hardført, vakkert, til tider gjestmildt, men urørt og vilt er det! Eg føler meg heldig som kan komme meg opp til dette fantastiske natureventyret, på ei rimelig kort tid og innan 2 timar. Noko som gjere til at eg ofte søker freden i sånne omgivelser. Det er heller ingen problem å ta morgenøkta ifrå breen på veg ned og til jobb kl 08.00 Frisk og opplagt blir ein i alle fall til ein ny arbeidsdag :) Denne gangen var det liv og røre oppe ved støylane med sauesanking. Liten og stor var i full driv, sånn skal det være :) Flott var det også å sjå samspelet >>>

Karte    

Kvannebakknova/Jølster og etterlengta ro!

Datum:
15.07.2017
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
24:32h
Entfernung:
12,2km

Endelig ferie! Det første som melder seg i mitt sinn, er å komme meg opp til breen og det villaste stille området i Jølster. Meldingane er ganske så dårleg og opp mot liten storm til kvelden og natta, men perfekt. Eit lite håp om å kunne ha bua for meg sjølv då :) Lørdagsformiddag var ein fin dag med solglytt og ein del folk å treffe i området. Tok meg god tid til både prat og fotografering. Tussla rundt om på Kvannebakknova og kunne nyte synet av breen, blåisen og fjella. Kjekt å sjå kor naturen forandrer seg i alt slags ver og gjerne eit aldri så lite håp om å kunne sjå rovdyra passere! Noko som er fullt mulig i dette området, om ikkje anna enn eit lite streifdyr. Men eg fekk nøye meg med ryper, lemen og harepus denne gangen også. Vinden og regnet slo til på kvelden, >>>