Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Tortnegrøegga i det beste lag! - Jølster/ Jostedalsbreen

Datum:
06.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
10,3km

Eit av favoritt områda og ein kan seie kortreist eventyr lykke! Ei stund sidan tur ilag med Brit Siv. Og det var superfint å være på tur ilag igjen no :) Det har vore ekstra mykje jobbing for min sin del, med langvakter og ekstravakter i desse 3 mnd på nyåret. Men, det gir meg så mykje meir fritid til tida og året framover til hærleg turliv. :) Inge, Jomar og Mariann var også med på det ein faktisk kan kalle ein legendarisk tur til Tortnegrøegga. Det i tidenes pudderføre ifrå bunn til topps med ein like legendarisk solnedgang i eit særdeles ypperlig lag! Kan det bli betre!! :)

Karte    

Sanddalsfjellet ein tur for signaturer!

Datum:
05.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,0km

Ferdig på jobb ilag med ein skyfri himmel og ei tindrande sol. Fortsatt var det blå himmel og sol og gleda var derfor ekstra stor for å nyte den deilige ettermiddagen. Ikkje minst det å få være på tur og kjenne solvarmen, varme himmelsk langt inne i sjela :) Det var komt nytt påfyll med nysnø, så det lova bra med eit hærleg nedrenn! Nokre ganger er det fint å sleppe å reise langt for å nyte gode øyeblikk. Sjølv om det er stor stas også å suse rundt i fjella andre stader og ellers i naturen for å utforske alt det fine. :)

Karte    

Grovabreen byr på sitt mest excellente i godt selskap! :)

Datum:
01.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:23h
Entfernung:
19,5km

Meldt fantastisk fint ver! Begge har fri og Inge har lenge hatt lyst på turen til Grovabreen. Det var ikkje mykje meir å lure på då :) Ein sånn dag i klarver og det skulle vise seg å være eit legendarisk silkeføre på ski heile turen. Då er ruta via Salsegga inn på Grovabreen ein innertier for utsikt og som ein fin rundtur. Har tidlegare tre fantastiske turer spesielt i minne av fleire turar til Grovabreen. Første turen min var ilag med Joar Eide herifrå Jølster som har inspirert meg til akkurat dette høgfjells livet. Sidan ein unik høgvintertur ilag med Stein Aasheim og Brit Siv Fimland ein 1 Nyttårsdag. Deretter ein strålande føringstur ilag med Torje Bjellaas & Brit Siv Fimland med mange fine element. https://peakbook.org/tour/303258/Grovabreen+ifr%C3%A5+J%C3%B8lster%21+Tur+med+heimelaga+bj%C3%B8rkeski....html Så Grovabreen betyr mykje for meg og gir mange fine minner som >>>

Karte    

Myklebustbreen på langs! Jostedalsbreen Jølst/Gloppen/ Stryn

Datum:
21.03.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:26h
Entfernung:
30,2km

Etter ei langvakts helg i ein veldig kjekk jobb i psykiatritenesta, var det ikkje fritt for at fokuset mitt på godeveret varte heile SOL søndagen på jobb! Eg prøvde sjølvsagt å tenke på alt anna, enn å trakke vilt rundt på tur i godveret etter dei ekstra fine høge opplevelsane som ein lengtar "bittelitt" etter innerst inne i sjela! Det kunne kjennast ut som om blodsukkeret var komt langt under skosålen! Kjekt med ein kollega, med ein "viss" forståelse...!! :) Det fantest ingen hindring, som kunne stoppe meg for å komme meg ut på tur i høgda på første fridag & på mandagen. Samtidig så setter eg umåtelig pris på denne kombinasjonen med å være på jobb, for så å nyte trening og friluftsliv på fritida. Det er eigentlig ei god likning på eit godt >>>

Karte    

Snønipa! Jølster/Gloppen/Jostedalsbreen - Bauta i godt lag!

Datum:
15.03.2022
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
20,1km

Nokre av dei beste turane er dei som ein berre tenker og som ligg der i underbevisstheita! Dit blir det idag! Hadde selfølgelig sjekka veret og visste at vinden kunne bli litt hard der oppe! Men, det satte ingen hindring i lysta til oss tre. Ein telefon til Joar og han var ikkje tungbedt til å være med. Joar har nok komt ut av telling på turer i desse fjellområda gjennom eit langt fjell liv. Joar er skuld i at eg har den dragninga til dette fjell livet. Inge hadde ikkje vore på toppen av Snønipa, og har tenkt på den i lange tider! Joar hadde nok samme tanken som eg. No lengter eg etter turen til Snønipa og breen. Det er spennande å følge med på forandringane i isbreen her. Det skjer forandringer i nedsmeltinga på kort tid! Takk for ein dag i mektige omgivelser Joar og Inge. Tida >>>

Karte    

Kombinert tur til Orkja ifrå tunet!

Datum:
07.03.2022
Entfernung:
22,6km

Sykkeltur opp til skytterhuset i Myklebustdalen. Snøføre i vegen, sette ein stopper for min sykkel. Derifrå lett jogg, før vidare truger til toppen av Orkja. Samme i retur!

Karte    

Bolsetnipa i Jølster

Datum:
04.03.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:16h
Entfernung:
12,6km

Lenge sidan tur til Bolsetnipa og då må den ha eit besøk. Skare snø oppom støylane og vidare silkesnø og solvarme! Fin tur ilag med Inge. Einaste uro var to litt rare propellfly som flaug rett over oss og nordover! Har ikkje sett sånne fly tidlegare.

Karte    

Eikåsnipa - Jølster

Datum:
03.03.2022
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
5,2km

Ein fin tur etter jobb og på veg ned til Miriam i Førde. Det skal bli godt med mamma og datter tid igjen!

Karte    

Orkja i fint ruskever!

Datum:
28.02.2022
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
6,4km

Det var meldt nytt ruskever og mildver. Yr meldte over 20 m/s i kasta på Orkja. Fint å ta turen opp for å kjenne på naturkreftene. :)

Karte    

Sanddalsfjellet i Jølster - Kortreist! :)

Datum:
25.02.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:25h
Entfernung:
7,6km

Nydelig tur til Sanddalsfjellet og legendarisk skiføre! Snakke meg om lykkefølelse i sånne omgivelser, stemning og lys. Ikkje minst silkeføre i nedrennet på heimtur :)

Karte