Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Bøheia

Datum:
26.06.2015
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:42h
Entfernung:
4,4km

Karte    

Molden

Datum:
15.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
14,0km

Etter oppvåkning kl 05.00 på Turtagrø for å komme meg til Loen og tur til Ramnefjellsbreen ilag med Lise, Torleiv og Johan. Kjennner eg raskt at forkjølelsen ikkje har tenkt å sleppe tak og med litt sår hals etter gårsdagens runde er ein ny langtur berre å skrinlegge. Så det blir å nøye seg med ein roleg tur på Molden i heimfarten. Tok med truger men gjekk fint å gå på skare snø der den låg, blikkstille på toppen!

Karte    

Stølsmaradalstinden ++ Eit rålekkert "taterliv"

Datum:
14.05.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
11:00h
Entfernung:
18,5km

Etter ein kjempeflott fellestur til Store Ringstind i April er det berre sånn at eg får ikkje ro i sjela, før det som er "tenkt" er på plass!! Såg at Geir Arne mangla ein av toppane, måtte berre legge inn ein søknad på tur så snart godvær og forhold låg til rette. Litt forsinkelsar ved start og ankomst var eit steinras. Ei lykke hadde eg med eit 1/2 min. margin av store steinblokker som stengde heile vegen nede ved Fortun. Ekstra flaks var at mannen i bilen rett framom, var veg og bom ansvarleg for Sognefjellsvegen. I løpet av ein 1/2 time fekk han rydda vegen fri! Eg er berre så glad for at ingen kom under dei svære blokkene. Etter tidenes frukost i det fri og start kl 10.00 var me sikkert 60 stk inkludert hunder i alle varianter på tur opp Ringsbotnen. Det var svært >>>

Tidenes ver og heimtur Frå Turtagrøhelg!

Datum:
19.04.2015
Entfernung:
27,8km

Etter ein super lørdag på Store Ringstinden og frukost oppvasken på tidleg søndagsmorgen var unnagjort. Var heimtur i godværet eit faktum og opplagt med fornya energi...så bestemte eg meg for å utnytte dagen til det fulle. Eg starta turen til Molden frå Marifjøra denne gong, sidan eg gjekk den frå Krossen Parkering på fredag. Turen gjekk fint på skare føre og til fots! Kom tilbake til Jølster og såg flotte Telemarks svingar på Tindefjellet som lokka stort ifrå E-39 Kl var midt i beste middagstider og godværet må jo nyttast!! :) Heim til middag på bordet og ein fin sein/ettermiddagstur på Eikåsnipa tilslutt. Nydeleg dag og varmt ver etter årstid :)

Karte    

Aconcagua samling og Tur til Store Ringstinden

Datum:
18.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:00h
Entfernung:
22,7km

Etter stor turen vår til Aconcagua i februar 2012 har vi lenge snakka om å få til ei samling og fjellhelg. Som alltid passa det ikkje for alle, men vi vart nokre stykker som fekk ei strålande helg på Turtagrø. Svein som var med på turen ifrå Jølster, har bygt seg hytte i området så vi hadde det perfekte utgangspunktet frå Storehaug, ca 1 km frå Turtagrø og like ved Tindefjellsvegen. Etter ein solid og triveleg frukost lørdags morgen, var vi klar for Store Ringstinden. Perfekt ver og føre var det og sikkert 50 stk på toppen denne dagen :)

Karte    

Molden stopp på veg til Turtagrø og Aconcagua helg!

Datum:
17.04.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
8,0km

Nydeleg ver meldt i lange tider framover! Som bestilt til det planlagte fjell helg treffet vårt :) Etter jobb var det berre å komme seg avgårde... Ganske fint faktisk å sitte i bilen ei lita stund til tross for god veret! Fint er det å skue toppane og naturen som eksploderar i flotte sterke fargar no i vårvarmen.

Karte    

Øygardsfjellet og Kletten

Datum:
21.03.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,1km

Superfin fot tur, litt skare snø på dei siste 100 Høgdemeterane på Øygardsfjellet Fint å få nokre fot turar ute med fjorden når snøen endå ligg "metervis" i Jølster. Kjekt å kombinere det med besøk til onkel på Kyrkjebø.

Karte    

Hustaket 557 moh frå Klevald

Datum:
21.03.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
7,7km

Karte    

Topphelg i Solund Dag 2

Datum:
01.02.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
5,1km

Starta frå Pollen og Solund verft, det er eit fint utgangspunkt for turstart. Ein godt varda og T-merka sti er det opp til Pollatinden, og svært lettgått tur på mykje konglomorat/svaberg. Solund er eit fantastisk naturområde for klatring og kajakk liv :) http://www.firda.no/Vi_som_elskar_Solund-5-15-26220.html?ns_campaign=article&ns_mchannel=recommend_button&ns_source=facebook&ns_linkname=facebook&ns_fee=0 Litle Færøyna i Solund er også verdt eit besøk :) http://www.seilas.no/wip4/detail.epl?id=446054

Topphelg i Solund Dag 1

Datum:
31.01.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,8km

Husefjellet 168 moh - start ved Steinsund 55 moh - 1,9 km - Høgdemeter 170 m - t/r 55 min. Rånekletten 153 moh - Starth. 45 moh - 1,9 km - Totalhøgde 140 m - t/r 50 min. Liafjellet 244 moh - Start ved Råkevika 15 moh - Totalhøgde 248 m - 2 km - t/r 1,5 t

Karte