Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Molden i Luster i strålande ver! :)

Datum:
20.05.2025
Entfernung:
8,0km

Kjekt med ein tur til Sogndal før kveldsvakt i godværet! På Molden var det mange på tur! Ved steinhytta var det fint å sitte litt i sola og skue toppane før retur! Traff ei eldre dame og sannsynligvis datter. Dei var ifrå Solvorn. Det vart ein trivelig prat med dei om landbruk, ver og verdensbildets uroligheiter! Vi var einige om at det var gull å nyte eit sånt turøyeblikk i slike omgivelser! :)

Karte    

Høgalii - Vik

Datum:
06.05.2025
Entfernung:
1,4km

På veg heimover etter konfirmasjon i Bergen, vart det ei overnatting i Myrkdalen i fritids leiligheta til systra mi. Det var kjempe fint å køyre Vikafjellet og Gaularfjellet heim igjen til Jølster. Stadig nye fjelltopper som blir oppdaga :)

Karte    

SOS -Jostedalsbreen nasjonalpark! Austdalsnuten, Rundeggi ++

Datum:
26.04.2025
Entfernung:
41,0km

Landet med håp & drømmer! https://www.youtube.com/watch?v=sWvdFIU6hZg Det er ingen selfølge... Dette vart ein ekstra spesiell tur med fokus på natur stilla og det vakre, storslåtte i Jostedalsbreen nasjonalpark. Men, Gondolplanane i gamle Jølster kommune, no Sunnfjord kommune er nærmere ein realitet meir enn nokon gang i Kjøsnesfjorden opp til Tverrfjellet inntil & i randsona Jostedalsbreen nasjonalpark. Alt dette ligg som eit bakteppe til alt som har med Jostedalsbreen nasjonalpark å gjere for tida. Det er no ein virkelig må rope SOS og slå ring om Jostedalsbreen som nasjonalpark meir enn nokon gang. No for første gang sidan 2014 er eg redd for at det er for seint! Det er alt for få som forstår alvoret i snik utbygginga inntil & i nasjonalparkane våre. Vi suser avgårde til våre eigendefinerte mål og der stopper >>>

Karte    

Stølsfjellet vest & aust! Gulen - Flytta punkt!

Datum:
31.03.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
7,1km

Då vart det ei ny runde til Stølsfjellet i Gulen. Vi valgte å gå ei anna rute til topps denne gangen. Det var merka sti til stølen med mykje historie i bygningen og ei fabelaktig utsikt over Sognefjorden. Lengre opp mot fjell platået kom det ei overrasking til, med eit nydelig bygg av murer ifrå gammal tid. For ein plass med også fine oaser av små fjellvatn, med utsikt over Sognefjorden og vidare mot vest i havet mot Solund, Hyllestad og Askvoll. Alden og Lihesten er to markante bautaer i skuet inn til dette riket. Andre magiske utsikter er også inn mot vakre Stølsheimen ifrå dette fjellet! Heldigvis endå fri for vindturbiner. https://peakbook.org/tour/356209/Topp+med+nytt+og+rett+topp+punkt+-+B%C3%A5rdfjellet+-+Gulen.html

Karte    

Eit av Husefjella heime i Solund

Datum:
17.03.2025
Entfernung:
1,0km

Nokre turlinker av turar i Solund som har sett spor... Min finaste ur tur ekspedisjon... https://peakbook.org/tour/416670/Krakksnova+i+Solund+-+Den+unike+%22urskogturen%22.html Påsketur til Litle Færøy og besøk til Roar Moe https://peakbook.org/tour/83106/Solund+på+sitt+aller+beste+:%29.html eller til den spesielle øya Losna https://peakbook.org/tour/255553/Losna+rundt...Solund.html Etter ei langvaktshelg er det fint for ein gang skyld, å ikkje ha ein einaste plan! Yr hadde ymse ver med litt regn, skodde og opplett på menyen for dagen over fylket. Kjekt å komme tilbake til tidligere fjell bestigninger. Sist til denne fjelltoppen var det snøtur ilag med Johan som turfølge. Vi tenkte nok at vi hadde vore på høgaste punkt. GPS var med, men greier ikkje idag å finne desse sporloggane. Vinter bilder ifrå området er med i tidligere tur rapport, med vidsyn ifrå fjellet. Dagen i dag vart ein ganske så sporadisk tur ut igjen til Sula etter ein liknande topptur i Hyllestad. Det vart ein ganske så innhaldsrik >>>

Karte    

Nytt punkt! - Rossvikheia i Hyllestad

Datum:
17.03.2025
Entfernung:
3,1km

Eit par dager fri etter langvaktshelg og det vart ein dag på impuls etter ein lang frukost! Deilig med fri! :) Rossvikheia i Hyllestad er eit av fjella som har eit forandra høgaste punkt måling på peakbook. Ein kan eigentlig sjå det når ein står ved varden. At det faktisk kan være like høgt også her, med berre eit bittelitt høgre punkt ca 260 m i luftlinje mot aust. Det nye punktet har faktisk ei boltemarkering. Litt artig å vende tilbake og reflektere! Kjekt at nokon har funnet ut av dette, sjølv om det er marginalt. På mange topp bestigninger grubler ein over kartet og tenker at det kanskje finnast eit høgre punkt. Og ein ser når ein er ute i terrenget at her må då være potensielle nye primærfaktorer som ikkje er registrerte. Sånn blir det når den røde nåla er fasiten >>>

Karte    

Amlaholten & dagstur ilag med Miriam

Datum:
01.03.2025
Entfernung:
4,0km

Karte    

Amlaholten

Datum:
20.02.2025
Entfernung:
4,0km

Karte    

Stedjeåsen

Datum:
14.01.2025
Entfernung:
6,4km
Karte    

Storehaugfjellet & ein historisk norsk dag i skeisesporten!

Datum:
12.01.2025
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,6km

Berre å ta bilder det du kan er klangen ifrå den norske reporteren under dagens Allround- EM & 10.000 meter på skeiser. Nyter fridag & for ein hærleg dag på mange vis! Kor og kva vil ein! Inge ville på Amlaholten og eg ville på Storehaugfjellet 1172 moh. Eg var den einaste til fots i det øyeblikket mot toppen! Dei fleste på ski i løypa mot Lingesetfjellet 1002 moh. Traff to personer på veg nedover på ski ifrå Storehaugfjellet. Det var spor å gå etter trakkemaskina til topps! Ekstra stor stas å følge med på skeise sporten til kvelden! Dobbelt norsk i allround - EM på skeiser (Peder Kongshaug & Sander Eitrem) & ny norsk rekord på 10 000 meter med Sander Eitrem ; https://www.vg.no/sport/i/zAbq2v/wiklund-nummer-tre-paa-1500-meteren-i-allround-em-kunne-ikke-haapet-paa-noe-bedre

Karte