Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Snønipa

Datum:
09.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
22,2km

Eg og Geir Arne har lenge snakka om å få til nokre fjelldagar i Jølster! Endeleg laga det seg ein muligheit for alle og jammen på tide etter snart 6 års bekjentskap å få til eit Jølster besøk :) Nydeleg ver var det meldt denne helga, litt snøfattig var det men det stoppar jo selfølgeleg ikkje toppgleda..;) Planen var å gå på Snønipa søndag ilag med Joar og Geir Arne. Men av ulike orsaker vart det ein rask bestemmelse om tur på lørdagen istadenfor. Etter ein 1/2 time pakking, ein rimeleg hektisk frukost og vi var turklar. Det var jo meldt ganske så kaldt denne dagen...men sidan innlandskrabben er vant med den temperaturen var det ikkje så mykje å lure på, verre var det for oss kystsamane!!! Joar som bur nærmast var komt inn litt før oss og starta turen oppover i roleg >>>

Svarstadveten

Datum:
31.10.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km
Karte    

Skjorta frå Førde

Datum:
08.10.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
12,2km

Eigentleg var planen idag å få avspasere dei to siste timane ifrå jobb, for å ta ein tenkt løpstur til Storehesten 1209 moh og Blægja 1304 moh. Det meste skjer på jobb når ein har sånne tankar og det var også meldt noko meir regn i ytre. Så då vart det med plan B å gå ifrå Førde, ei ny rute frå den alternative som eg brukar ved å starte frå E-39 via Helgheim og Vasskaret. Nydelege haustfargar mellom bratte fjell og fint turver, sjølv om det såg litt truandes ut med regn. Følgde delvis kraftvegen og sti i raset opp ved den tørrlagde Nydalselva. Bratt oppstigning men heilt supert å få raske høgdemeter. Fin tur, nesten vindstille på toppen og to regndråpar!!!

Karte    

"Festløpet" Skåla Opp

Datum:
15.08.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
16,6km

Køyrde frå Jølster lørdags morgen kl 07.00...Nydeleg ver og flott morgenstemning. Over 1700 mennesker deltok på tur til topps, det må eg seie er folkehelse på topp :) Fint ver, varm temperatur allerede på morgen og sterk vind...og ein rekna ikkje med nye perser denne dagen. Fornøgd var eg sjølv med løpet ettersom eg i år har slitt med allergi, forkjølingar og pust. Kjekt var det å ta norsk tredjeplass i klasse til tross for at Antonella Wyatt var utilnærmeleg i tid og 2 plass gjekk til Timea Meryni. Manglar høgaste topp punktet på Skåla...så vi måtte ein gjeng ( fleire peakbookerar) bortom høgaste topp punktet Stryneskåla etter løpet, i godværet :)

Hogden

Datum:
15.06.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
11,0km

Karte    

Mindre Forbruk og Meir Natur!!

Datum:
09.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
6,8km

Etter ein super tur på Hornet måtte eg og få med Kroknakken. Eit litt artig navn som eg funderte litt på... den nærmaste forklaringa eg kunne komme på måtte være alle dei forvridde furu trea eg såg undervegs til topp`s :) Tok av frå Fv 662 ved Ytre Torheim og opp ein grusveg eit lite stykke. Parkerte ved ei bru med nokre små gardstun og eit nytt veiskille til venstre som går oppover til Vårsætra. Følgde vegen så langt som den gjekk og forbi sætra, der tok eg av til høgre. Det kunne sjå ut til at der gjekk ein sti, følge høgda heile vegen gjennom Småtausedalen og inn til linja. Derifra greit å halde høgda og ryggen langsetter linja til toppen. Hadde gleda meg litt til denne toppen for då ville eg komme endå nærmare Gjegnen og nyte synet av det ville området i Gjegnalunden. >>>

Hornet 719 moh Eid

Datum:
09.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
8,4km

Nydeleg ver og lysten på fotturar for variasjon til skiturar! Tok med truger i tilfelle litt snø att mot toppen, det viste seg å være snøfri rygg heilt opp. Parkerte ved skilt nede ved hovedveg og russla oppover ny skogsbilveg ca 2 km. Tok av til høgre i nytt vegskille og kom etterkvart inn på merka sti. På Hamnessætra kom det opp eit par som hadde starta frå Skareide, eit triveleg par (Anne-Grete og Halfdan Faleide) som viste seg å kjenne godt til Peakbook etterkvart som samtalen gjekk :) Dette fordi dei hadde trefft på ein kar som tidlegare hadde spurta litt rundt på toppane der.. med navn Morten Helgesen! Hornet er ein nydeleg topp med formidabel utsikt mot Nordfjorden og flotte Ålfoten med Stortoppane Gjegnen 1670 moh og Bukkenibba 1520 moh

Karte    

Selja

Datum:
03.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
2,2km
Karte    

Husevågøy

Datum:
03.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
6,6km

Turrapport og ein fin tur ilag med Johan Solberg https://peakbook.org/tour/124847/Husev%C3%A5g%C3%B8y.html

Karte    

Hanekammen, Skolmen & Røyseheida

Datum:
02.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:15h
Entfernung:
10,8km

Starta turen frå Morteneset/Deknepollen ved sildolje tankane, fint utgangspunkt med merka tursti til toppen av Hanekammen. Eit godt valg er å fortsette turen som ein rundtur via ryggen til Skolmen 602 moh og innom Røyseheida 502 moh på tilbaketur. Frå Røyseheida fant vi ikkje sti, men tenker det er lurt å komme seg ned att ovanfor granfeltet. Vi følgde elveleiet ned i temmeleg ulendt krattskog... Ein fantastisk flott rundtur med panoramautsikt til øyane, storhavet, Stad- Landet og innlandet med fjell

Karte