Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Ramstadvarden

Datum:
09.06.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
8,2km

Karte    

Nydeleg ettermiddag på Eidskyrkja 1482 Høgast i Volda

Datum:
02.06.2016
Tourlänge:
4:29h
Entfernung:
10,7km

Den finaste tida, det er lenge lyst og det vart ein fin ettermiddagstur etter jobb. Eg synast det er kjekt med turfelleskap, men enkelte dagar og mange ganger er det fint å være i total einsemd og ro ilag med naturen. I dag vart det ein sånn tur på Eidskyrkja og som har vore tenkt ei god stund, målet var eigentleg tenkt den 12.03.16 ilag med Ove! Det var tjukk skodde den dagen og eg slo ifrå meg toppen. Kjekt å kunne nyte utsikta ifrå fine hovudtoppar og det vart Sunndalsnipa istadenfor då. Etter turen i dag på Eidskyrkja, tenker eg nok at Sunndalsnipa er ein finare topp til tross for den vekslande skodda me hadde og kanskje heller eit elendig skiføre på den turen. Eller eg skal kanskje ikkje berre skulde føret, eg var nok litt stivbeint etter ein litt større operasjon og skulle >>>

Karte    

Sunndalsnipa i Volda

Datum:
12.03.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
11,6km

Hadde vore på eit foredrag i Stryn fredagskvelden i tilknytning til Stryn Rando 3000 og planen vidare var å utnytte morgendagens godvær som var meldt her i området med ein tur på Eidskyrkja 1482 i Volda. Hadde løpande kontakt med Lise og Ove som er godt kjent på desse toppane og om eventuelle rutevalg. Etter foredrag vart det tilbod om ei litt hærlegare overnatting på gjestgiveriet Lotsberg. Dette var jo selfølgelig meir fristande enn ei soveposenatt i bilen med ei temmeleg tett forkjøling!! Sidan Ove har sofa kondis for tida og eg ikkje er restituert etter operasjon og innehaver av ei heller "plagsom" forkjøling. Så vart vi einige med Lise`s velsignelse om at vi var det perfekte turpar denne dagen :) Laaang frukost og kaffe ilag med Vinjar og Lise vart det, sidan Ove >>>

Gausnestoppen med noko ubehag!!

Datum:
01.03.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
2,7km

Skogsveg og anleggsveg til Gausnestoppen, ein grei veg å luffe oppover og vidare forbi Gausnesgarden. Topp punktet var ikkje vanskeleg å legge merke til...Likar meg dårleg under sånne linjer og denne gangen var heller ingen unntak! Ekstrem spenning og knitring mellom linjene som var til å føle og kjenne på...merka eit fysisk ubehag og pulsen rasa!! Ellers er det jo alltid kjekt og spennande å finne nye topper og områder!

Karte    

Mot Råna frå Urke

Datum:
08.11.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
5:26h
Entfernung:
10,2km

Det var komt nysnø på toppane frå natt til søndag og den ville komplisere turen mot Råna. Visste at det var eit utsatt punkt på Sørvesteggen på Midtre Regndalstind men vi bestemte oss for å prøve ut toppane allikavel. Mildt og fint etter årstid nede i dalen men det var råsete vind som hvirvla nysnøen der oppe på dei majestetiske tindane. Svaene oppe i Nordkopskaret var glatte, nysnøen hadde lagt seg ned til ryggen ved skaret på ca 1080 moh. Gjekk fint å gå opp til hammaren på sørvesteggen, men det var sleipt, glatt og isete. Det hadde gått med stor forsiktigheit å passere, men på returen ville det være mørkt og då med hodelykt og det var utsatt. Vi bestemte oss for ikkje å ta den risikoen og var skjønt einige om at det kunne bli ein superfin sommertur og då få >>>

Dalmannshornet

Datum:
07.11.2015
Tourlänge:
4:02h
Entfernung:
10,6km

Frå Jølster tidleg med eit fantastisk morgenlys og stille på vegane. Fint å rekke ein sånn kremtopp i dagslys, det mørknar fort og allerede i femtida. Parkerte på Liasætra og der var det mange som skulle på fjelltur, dei tok alle av stien mot Patchellhytta der det er Ca 6 km frå Liasætra. Så eg hadde fjellet, dalområdet og utsikta for meg sjølv....!! Heilt supert det og :)

Karte    

Lauparen

Datum:
27.09.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
15,3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Karte    

Aksla i Ålesund

Datum:
26.09.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,6km

Fin liten ettermiddagstur og litt artig variant å gå dei fine trappene opp frå sentrum! Turfølge Stein

Karte    

Hornindalsrokken og Lidafjellet

Datum:
06.09.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
14,9km
Karte    

Vermetinden

Datum:
26.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
22,5km

Kombinert løp og fjelltur

Karte