Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Vermetinden

Datum:
26.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
22,5km

Kombinert løp og fjelltur

Karte    

Salknappen frå Vermedalen

Datum:
25.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
21,5km

Parkerte ved Havrehola, der det er merka sti til Vermetinden. Lengre inn er det vel også forbudt å køyre. Vi følgde vei inn til Langvassbua og vidare sti langs etter Langvatnet til ei privat hytte. Tok av herifrå og følgde ryggen rett opp til Søre Salhøa, tid til matpause med Geir Arne Kjeks og eit fint skue til alle stortoppane i Romsdalen...litt av eit område! Vidare er det berre eit kort stykke opp den siste ryggen til hovedtoppen. Mykje snø ligg endå i fjella og sjeldan at vatna framleis er islagde. Salknappen synest eg er den finaste toppen i dette området og ekstra kjekt var det å ha med lokal kjennar med førstekunnskap og historier om fjelltoppane rundt. Turfølge Stein

Karte    

Dønttinden og Sæterhøa

Datum:
24.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
21,4km

Ein fin rundtur frå Storhaugan, der eg kryssa elva over brua ved Værmedalssætran. Fint å følge ryggen på Veslfjellet med fine svaberg å gå til Sæterhøa. Gjekk ned til Tverråbotnet og runda vatnet 1210 og vidare opp den breie fine ryggen til Dønttinden, ein del snøfonner låg att her. Ei kraftig snøbyge fekk eg med på toppen men sol og sommer var tilbake lengre nede i lia. Følgde Tverråa ned og vassa over elva som heldigvis ikkje var så flaumstor. Fint å russle tilbake vegen gjennom Vermedalen. Fin og stille åleinetur i ein nydeleg dal med nydelege toppar som Salknappen, Dønttinden og Vermetinden. Utsikta frå desse toppane over mektige Romsdalsfjell kan ein heller ikkje klage på :)

Alterhøa via Bjørnelega

Datum:
23.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,1km

Karte    

Kvitfjellet og Skåla i Rauma

Datum:
18.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,6km

Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!! Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet

Karte    

Breitinden - Rauma

Datum:
20.06.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
13,2km

Ein nydeleg dag med perfekt skiføre og temperatur...Utruleg heldig med veret der skodda dreiv trollsk over dei mektige Romsdalstindane.

Moanebba

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,2km

Passeleg fin liten topp til fots med flott utsikt, berre små snøfonner att på toppen!

Karte    

Nesaksla

Datum:
24.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Rask tur opp og fint avbrekk på veg mot Aure. Skodde og litt vind på toppen...

Trugerunde på Otrøya

Datum:
15.02.2015
Tourlänge:
6:40h
Entfernung:
15,9km

Vi starta ved Heggedalselva og merka Parkering, tur skilta frå hovedveg til Oppstadhornet 737 moh. Ein liten glipp i start utgangspunktet enda opp i ei oppvarmingsrunde på motorcrossbana like ved...før vi omsider var på rett kurs. Litt ekstra meter er jo berre ein bonus ;) :) Frå parkering er det berre å følge skogsveg tett ved og langs Nord/vest sida av Heggdalselva, der den går over til sti mot Sømmehytta. Ein utruleg idyllisk sti/veg å følgje i flott furuskog. Planen var fjellski, men krøll i pakkesystemet til mitt turfølge var ved ein feiltakelse i ski sko str. STOR!!! Så mange sokkar hadde vi vel ikkje med på turen ein gong til å fylle desse.. ;) Turen vart til truge tur, noko som innebar litt ekstra jobbing på aktivitetsnivået...men supre trugeforhold :) Vind var det >>>

Fjell helg i Midsund

Datum:
14.02.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:58h
Entfernung:
6,7km

Etter at boven (Ove Lotsberg) fekk laga den fine Sør Noreg lista Pf 500. Hadde eg sett litt på toppane og øyane i Midsund. Glad i havet som eg er, så ville eg tru dette måtte bli eit fint område å nyte stor havet, i fin kombinasjon av fjelltopp turar omkransa av eit mektig skue av Romsdals tindar. Hadde tenkt denne turen på sein vår/sommar, men då ligroenb (Lise Grønbukt) hadde tenkt helgatur og innviterte med....var eg ikkje sein om å takke ja :) Det var også meldt strålande sol og ver denne helga i heile Sør Noreg. Fort avgårde bar det etter jobb fredag, overleverte Land cruiser nøkler på Lote til Ove som nett, hadde fått Vinjar gut i trillesøvn. Lise var klar i bubil Knaus og jentehelg med fjelleventyr kunne starte... ;) Lørdagsmorgen starta litt med gråver og regn, men vi var jo lova godvær!! Det kom heldigvis >>>

Karte