Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Sandegga ifrå Nyddalsstølen

Datum:
08.09.2025
Entfernung:
6,9km

Nydelig ver med sommerfølelse og fint med tur før kveldsvakt. Ekstra kjekt med turfølge av Bodil, Berit og Luna. Godt merka sti til toppen ifrå Nyddalsstølen.Tilbake til Nyddalsstølen hadde eit bonde par, sanka ein henger full med sauer. Det vart ein liten stopp der for trivelig prat.

Karte    

Fremstekåpa,Hjellehyrna,Rygghyrna,Skipedalshyrna & Sætref

Datum:
06.09.2025
Entfernung:
26,9km

https://www.youtube.com/watch?v=1oHfnggzIaA&list=RD1oHfnggzIaA&start_radio=1 Det gode livet for meg er å balansere jobben min i 100% stilling i psykisk helse, familieliv med auke i å få lov til å være bestemor med eit stort hjerte. Kunne få lov til å sitte i styret til Sunnfjord naturvernforbund, vere eindel i styret i grendalaget der eg bur, ta vare på den finaste nødbu i Jostedalsbreen nasjonalpark og leve ut trening og fjell livet. Søvn snakker vi om i eit anna kapittel! :) Kall det skryt om du vil! Men, det er mitt genuine engasjement som gir energi for den eg er og det eg vil! :) Midt opp i alt dette, er det min egen refleksjon over å få til nok ein fantastisk langtur i dei unike høgfjell i Jostedalsbreen nasjonalpark. Med ikkje minst veret som ein av dei viktigaste lagspeler på ein sånn tur! Denne turen vart ein tur, der ein fekk bruke uthaldenheit >>>

Karte    

Orkja - Jølster

Datum:
02.09.2025
Entfernung:
3,2km

Fin tur på føremiddag til Orkja ilag med Inge før regnver! Koselig med besøk av Lale på ettermiddag. Planen var å sette opp telt i hagen ilag med Lale. Men, med skikkelig regnver så vart det innekos og telt syssel på kjøkkenet. Det såg ut til at den lille var godt nøgd med leksjon i telt oppsetting. Dette lover bra :) Fin dag ilag med Lale og Inge

Karte    

Duå - Gjemnes

Datum:
01.09.2025
Entfernung:
12,0km

Ein fin tur til Molde og retur heim over Trollstigen med lite trafikk!

Karte    

Orkja før regnmengder!

Datum:
05.08.2025
Entfernung:
3,5km

Karte    

Leirvågfjellet & Petterstien

Datum:
04.08.2025
Entfernung:
1,8km

Dagstur til Moa ilag med Miriam Leirvågfjellet 254 moh Ligg på andre sida av Solavågfjellet! tar av til høgre frå ferjekai og E-39 skilta Leirvågdalen. Parkerer ovanfor byggefelt og ved idrettsanlegg. Tok stien med det lokale navnet Petter løypa, kalt opp etter Petter Sunde. (Bror til mi Bestemor) Han var ein kjent fjellmann i området og for å ivareta turstier!

Karte    

Kamperhamrane & Sætrehyrna - Stryn/Jostedalsbreen

Datum:
02.08.2025
Entfernung:
22,9km

Ferdselvegen over Kamperhamrane har eg høyrt om. Den er ein av dei eldste ferdselvegane i mellom aust og vest norge. Den går ifrå Sunndalen i Oppstryn og gjennom Rauddalen til Skjåk i Gudbrandsdalen. Når ein har ei historie i forkant, så legg ein merke til detaljer i terrenget undervegs som imponerer stort ifrå generasjoner som levde i den tida. Trapper i ferdselsområdet vart restaurert i 2013. Kvar ein godversdag må nyttast i sånne fantastiske omgivelser med så mykje historie. Kjekt å kunne rekke sånne opplevelser som dagsturer ifrå Jølster. :)

Karte    

Solheimfjell /Brandsøyåsen & sykkelkjøp!

Datum:
01.08.2025
Entfernung:
3,7km

Fin tur ilag med Inge og Miriam Tur ilag med Miriam og Inge til Florø og Strandgata Sport. Ærend for å sjå etter og kjøpe meg ein terrengsykkel av merket Hard Rocx som også er eit norsk firma. Inge har kjøpt sin terrengsykkel der av dette merket og er veldig nøgd. Fin tur etterpå på Brandsøyåsen og eit trivelig treff med ein famile ifrå Østerrike på ferie i noreg.

Karte    

Surtningstinden 1997 - Luster/Sognefjellet

Datum:
31.07.2025
Entfernung:
14,9km

Ein fin inneklemt godversdag inne ved Leirvassbu gav ein fin tur til Surtningstinden og nesten like god som ein 2K topp :) Med svært gode minner til ein heftig fin tur ilag med Svein https://peakbook.org/tour/89235/Ein+Heftig+og+nydeleg+Sm%C3%B8rstabbtindtravers%21.html

Karte    

Slogen ilag med Miriam

Datum:
22.07.2025
Entfernung:
7,1km

Miriam hadde fri og ho hadde eit ynskje om tur på Slogen. Det var berre å hive seg rundt for veret var over snittet bra. Det var blikkstille og 30 grader pluss heilt til topp`s og det var nesten for varmt oppover bakkane. Men, virkelig ein innertier av ein tur ilag.

Karte