Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Burde sikkert halde senga! Teste skia var mest forlokkande!

Datum:
28.12.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:38h
Entfernung:
5,8km

Ferdig på langvakt og kjente ei antydning til ny runde med forkjølingssymptom. Men, heldigvis ei veke ferie å sjå fram til. Etter ei natt med influensa symptom, verk og frysninger og nesten ingen feber. Så kjentes kroppen betre på morgonen!! Verutsiktene framover ser noko vekslande ut. Dagens ver med vind og opplett ser lovandes ut. Fristelsen og savnet etter ein skitur i fjella er svært forlokkande. Etter gammal skule, så har eg lært at har ein feber og er sjuk så bør ein ta det med ro. Og hjertemuskelen skal ein ikkje ta forgitt. Så vil ein jo også selfølgelig bli frisk så fort som mulig. Men, kva er fakta når det gjelder forkjøling/influensa. Måtte berre Google fysisk aktivitet og trening og fant gode svar. https://hardworkout.no/trening-ved-forkjolelse/ To svar: https://nhi.no/trening/aktivitet-og-helse/treningsrad-generelle/forkjolelse-kan-man-trene/ Enden på visa vart ein gromtur i sakte kino i rette >>>

Karte    

Heftige linjer!

Datum:
07.05.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:24h
Entfernung:
11,0km

Etter overnatting ved Hustadvika. Gjekk morgenturen opp på Raudtua før lunsj besøk i Molde hos systra mi Barbro og Kevin med dei to jentene Selma og Leona. Spennande med det nye husprosjektet deira i Molde. Kevin som er ifrå Utah, ser ut til å trivast godt i dei norske fjella her som der han har budd og levd heime i sitt fjellrike, som bla. ein erfaren klatrer og ski instruktør. Kjekt at dei har valgt å flytte heim hit til stor glede :) Etter besøk ville eg oppom Julaksla, den var nesten snøfri. Nokre snøfonner igjen. Vidare litt usikker på kor ferden skulle gå. Etter siste tur på Bjørnlihaugen var det begynt å bli litt seint. Funderte litt på kor camping natt og neste dags tur i godveret skulle gå! Sende melding til ein kjenning og lurte på kor var det snøfritt for bilcamp! >>>

Karte    

Tortnegrøegga i det beste lag! - Jølster/ Jostedalsbreen

Datum:
06.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
10,3km

Eit av favoritt områda og ein kan seie kortreist eventyr lykke! Ei stund sidan tur ilag med Brit Siv. Og det var superfint å være på tur ilag igjen no :) Det har vore ekstra mykje jobbing for min sin del, med langvakter og ekstravakter i desse 3 mnd på nyåret. Men, det gir meg så mykje meir fritid til tida og året framover til hærleg turliv. :) Inge, Jomar og Mariann var også med på det ein faktisk kan kalle ein legendarisk tur til Tortnegrøegga. Det i tidenes pudderføre ifrå bunn til topps med ein like legendarisk solnedgang i eit særdeles ypperlig lag! Kan det bli betre!! :)

Karte    

Sanddalsfjellet ein tur for signaturer!

Datum:
05.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,0km

Ferdig på jobb ilag med ein skyfri himmel og ei tindrande sol. Fortsatt var det blå himmel og sol og gleda var derfor ekstra stor for å nyte den deilige ettermiddagen. Ikkje minst det å få være på tur og kjenne solvarmen, varme himmelsk langt inne i sjela :) Det var komt nytt påfyll med nysnø, så det lova bra med eit hærleg nedrenn! Nokre ganger er det fint å sleppe å reise langt for å nyte gode øyeblikk. Sjølv om det er stor stas også å suse rundt i fjella andre stader og ellers i naturen for å utforske alt det fine. :)

Karte    

Grovabreen byr på sitt mest excellente i godt selskap! :)

Datum:
01.04.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:23h
Entfernung:
19,5km

Meldt fantastisk fint ver! Begge har fri og Inge har lenge hatt lyst på turen til Grovabreen. Det var ikkje mykje meir å lure på då :) Ein sånn dag i klarver og det skulle vise seg å være eit legendarisk silkeføre på ski heile turen. Då er ruta via Salsegga inn på Grovabreen ein innertier for utsikt og som ein fin rundtur. Har tidlegare tre fantastiske turer spesielt i minne av fleire turar til Grovabreen. Første turen min var ilag med Joar Eide herifrå Jølster som har inspirert meg til akkurat dette høgfjells livet. Sidan ein unik høgvintertur ilag med Stein Aasheim og Brit Siv Fimland ein 1 Nyttårsdag. Deretter ein strålande føringstur ilag med Torje Bjellaas & Brit Siv Fimland med mange fine element. https://peakbook.org/tour/303258/Grovabreen+ifr%C3%A5+J%C3%B8lster%21+Tur+med+heimelaga+bj%C3%B8rkeski....html Så Grovabreen betyr mykje for meg og gir mange fine minner som >>>

Karte    

Blåfjellet - Leikanger/Sogndal

Datum:
06.03.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:36h
Entfernung:
9,6km

Karte    

Bolsetnipa i Jølster

Datum:
04.03.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:16h
Entfernung:
12,6km

Lenge sidan tur til Bolsetnipa og då må den ha eit besøk. Skare snø oppom støylane og vidare silkesnø og solvarme! Fin tur ilag med Inge. Einaste uro var to litt rare propellfly som flaug rett over oss og nordover! Har ikkje sett sånne fly tidlegare.

Karte    

Sanddalsfjellet i Jølster - Kortreist! :)

Datum:
25.02.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:25h
Entfernung:
7,6km

Nydelig tur til Sanddalsfjellet og legendarisk skiføre! Snakke meg om lykkefølelse i sånne omgivelser, stemning og lys. Ikkje minst silkeføre i nedrennet på heimtur :)

Karte    

Gulldag før kveldsvakt - Olahansfjellet i Jølster

Datum:
18.02.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
9,3km

Fin start på morningen med gull for Johannes T. Bø før tur til Olahansfjellet. Tur skulle gå akkurat før kveldsvakt halv tre. Nydelige skiforhold med nytt hærleg påfyll av laussnø! Alle spor var viska ut på Olahansfjellet. Kom heim igjen ifrå nydelig tur, så var det jammen også gull å få igjen sola på Rabben i Sanddalen. Det går mot lysare tider :)

Karte    

Lykke på Eikåsnipa

Datum:
11.02.2022
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Før ekstravakt måtte eg berre nyte dei nydelige forholda som er på Eikåsnipa no. Holdt på å bli forsein på jobb! Det var så mange kjente på tur med samme tanke. Bård, Håvard og Elias var superheldige som fekk sola i tilegg under sin tur. Kjekt å diskutere fjell og skiforholda rundt om. Alle var også skjønt einige om at det var godt at Frudalstunnelen var stengt. Så me sunnfjordingar kunne ha pudderfjella for oss sjølve ei lita stund :) På veg ned ifrå toppen var det ingen tvil på lang lei, kven som aksllererte rimelig kjapt oppover bakkane. Det var selfølgelig Mikael som hadde tenkt seg ei treningsøkt x 3 til toppen før jobb. Nede på støylen rakk eg å måke av taket, før det nye snøfallet med mildver var på veg. Utruleg kjekt med så mange på tur :)

Karte