Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Gjuratinden: Den siste av dei 7 "Konge-/Dronningtoppane"

Datum:
15.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:30h
Entfernung:
14,5km

Tre helger på rad til Åndalsnes i tidenes sommar og haustver, noko som seint vil gå i gløyme boka :) At eg skulle få med alle desse kremtoppane hadde eg ikkje trudd.. I tilegg få Norsk fjellfestival sin "Dronningtittel" eit supert påfunn for meir besøk av dei flotte tindane. http://www.norsk-fjellfestival.no/index.php?option=com_zoo&view=item&layout=item&Itemid=127 I tilegg og ikkje minst fekk eg med Romsdalseggen løpet, som eg har høyrt ein del om :) Rauma kommune, eldsjeler og andre eldsjelene bak Norsk fjellfestival, gjere ein god jobb for å marknadsføre kommunen sin på ein utruleg flott måte gjennom natur, fjell og aktivitet :) Rauma kommune hadde også i år sitt 50 års jubileum med vardebrenning rundt om på ulike fjelltoppar, ei av dei helgane vi var på besøk. Turen til Gjuratinden var berre super, vi slapp å sikre for det var fantastiske forhold >>>

Store Venjetinden og Romsdalshorn tidenes fjelldag

Datum:
14.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
12,6km

Etter ei runde på kva topp som var aktuell for dagen, var det eit fleirtall for Store Venjetind. Start frå Venjesdalen kl 10.00 Skodda låg langt nede, men det var gode meldingar for dagen og håpet var at me såg blå himmel etter nokre høgdemeter oppe i lia. Noko som skulle vise seg å slå til :) Det var ein "tidig" gjeng som starta turen i eit fellesskap, med ei lita overvekt av Oppdalingar... men vi var tross alt tre representantar frå Sunnfjord og Nordfjord, så det måtte jo ligne seg ut dette her... :) Saken var at me som kom nedafor høyrde godt sollen frå Oppdalingane heile vegen oppover ;) men vel og merke kjempetriveleg :) Denne turen og dagen er rett og slett ein innar tiar i eksotisk naturopplevelse med eit flott turfellesskap. Tørt og fint fjell, supert og klyve! >>>

Bispen/Kongen & Dronninga - Rauma

Datum:
13.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:00h
Entfernung:
14,9km

Karte    

Drøsinga og Seterlifjellet

Datum:
10.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
10,6km

Ferdig på jobb begge to. Då er det berre å komme seg på tur i godværet :) Passeleg køyring...Brit Siv er med på samlelistene mine!! :) Med felles meining om at nye turar er alltid kjekt og variasjon er tingen...er saken grei :) Køyrde opp bom og skogsveg til Nydalen frå Holsavatnet. Starta å gå mot Seterlifjellet litt før Nyddalsstøylane og til Drøsinga. Fin utsikt men fekk ikkje sett heilt ut mot havet.. Storehesten var nesten vekke i dis. Uansett vart det ein fin ettermiddagstur i eit flott område ved Nyddalsstøylane Takk for fin ettermiddagstur Brit Siv

Karte    

Prosten i Rauma

Datum:
08.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:00h
Entfernung:
14,5km

Stigbott-traversen + Mannen

Datum:
07.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:50h
Entfernung:
16,6km

Fin rundtur over Stigbotthorn-traversen innom Mannen og retur Alnesdalen Turfølge Johan

Karte    

Tur nr to på Romsdalseggen

Datum:
06.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:19h
Entfernung:
14,2km

Litt slapp i kroppen etter løp og forkjøling, men klar til ny start frå Venjesetra P. det gjekk ganske greit når ein berre kom på gang att i eit litt rolegare tempo :) Møtte litt turfolk som var på veg heim att etter dagens hending. Blånebba og heile Romsdalseggen hadde vi for oss sjølve den ettermiddagen. Blånebba hadde også fått ein del besøk iløpet av dagen. Tidlegare på føremiddag hadde Johan fått med seg Tarløysa 1086 moh Turfølge Johan

Larstunsstøylen med Dagsenter

Datum:
04.09.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
4,4km

Nydeleg ver og ein super vellykka turdag :) Ikkje verst å få uventa bålkaffe og pølser til lunsj av våre leige jegerar frå Oslo. Dei er her på sitt 11 år og har jakt base ei veke på Larstunsstøylen. Det vart ein rett så triveleg lunsj opplevelse for alle, med lovnad om at vi tar eit nytt felles treff til neste haust også :)

Store Trolltinden - Trollryggen - Stabben

Datum:
31.08.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
18,4km

---- Fin tur rapport hos otto (Otto Lund)

Karte    

Sætredalsfjella på veg mot Romsdalshelg :)

Datum:
29.08.2014
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
9,6km

Desse linkane må eg berre dele :) Ein fantastisk serie frå NRK Sogn og Fjordane og som startar no på lørdag 7 Det er andre serien dei viser, og det er lokale folk herifrå som har laga Fjellfolk. Torje frå Jølster og Uglum frå Sogndal. https://www.facebook.com/video.php?v=10152713651509189 Klipp to : http://www.nrk.no/sognogfjordane/klart-for-premiere-pa-fjellfolk-1.7993122 Reiste rett frå jobb og såg fram til dagar i Romsdalsfjella. Kvanndalstind 1744 moh var målet for lørdagen. På veg oppover hadde eg bestemt meg for at dagens fjelltopp måtte bli Sætredalsfjellet i Stranda kommune, og helst før det vart mørkt.. Køyrde eit par km innover Nibbedalen, og etter ein prat med lokal befolkninga på ein gard ved Sæter. Kunne eg parkere på bøen ved startpunkt av raud merka løype, ikkje så langt frå Sætreelva. Dei hadde då ikkje høyrt om Sætredalsfjella!! til tross for at dei var midt i syns rand! Dei >>>

Karte