Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Sjåstadvarden/Geitahornet/Selje- Storm ved Stadtlandet

Datum:
13.01.2018
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
2:51h
Entfernung:
8,4km

Hoddevika og fjella ved Stadtlandet er ein av dei plassane som for meg betyr mykje. Storhavet, naturkreftene og den nakne barske naturen tiltaler stort. Her ute er det fint å suse rundt på toppane og heile tida ha vidsynet ut mot storhavet. Kanskje det betyr mykje, fordi eg har vakse opp i karrige omgivelsar der vest. Ein finn i alle fall fred her ute til havdønningane og vinden som herskar! Var lysten til å prøve surfebrettet, men ein rekk ikkje over alt på eit døgn...Så det lyt bli til ei helg i februar når vinden leikar litt ekstra. (Bli gjerne med fleire...eg har lova den yngre garde ei helg i februar i Hoddevika) Fin tid å surfe på denne tida, når vinterstormane regjerer! Fine dagar der ute ved storhavet :) https://www.youtube.com/watch?v=Jn5Iv3vVMnw

Påskeavslutning på Askvoll lista!

Datum:
16.04.2017
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
14,4km

Etter eit par fantastiske dagar med tinder i Hurrungane, sørvest i Jotunheimen. Så var det hærleg å avslutte påska med fine toppar ut mot storhavet. Fantastiske kontraster med berre nokre timer imellom!

Karte    

Bondehaug og Storehaug - Luster

Datum:
12.04.2017
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
3,6km

Karte    

Kongshaug ++ Vangsnes/Vik

Datum:
01.04.2017
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
4:01h
Entfernung:
15,4km

Etter å ha studert yr og funnet ut at det såg litt betre ut i indre strøk. Vart det ein rein impulstur til Vangsnes og eit besøk med overnatting hos systra mi i Balestrand. Det skulle vise seg å være veldig lurt :) Slapp unna regnet, fekk ein solid trimtur på truger og god kvelds. Eg kunne nok med god fordel teke med fjellskia, for snøgrensa låg omtrent på samme høgde som i Jølster.

Karte    

Årets siste topp Eikåsnipa

Datum:
31.12.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
5,2km

Så mildt det har vore og med store nedbørsmengder med regn i forkant av nyttårsaften. Var det fint å spenne på trugene å luffe til toppen med ein flott stjernehimmel! Fint å sjå nyttårsrakettane ved midnatt og på heimtur.

Karte    

Temmelig fuktig trugetur på Eikåsnipa...

Datum:
30.12.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
5,2km
Karte    

Selstadheia

Datum:
28.03.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
7,1km

Karte    

Gausnestoppen med noko ubehag!!

Datum:
01.03.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
2,7km

Skogsveg og anleggsveg til Gausnestoppen, ein grei veg å luffe oppover og vidare forbi Gausnesgarden. Topp punktet var ikkje vanskeleg å legge merke til...Likar meg dårleg under sånne linjer og denne gangen var heller ingen unntak! Ekstrem spenning og knitring mellom linjene som var til å føle og kjenne på...merka eit fysisk ubehag og pulsen rasa!! Ellers er det jo alltid kjekt og spennande å finne nye topper og områder!

Karte    

Eikåsnipa og hærleg ruskevær!

Datum:
19.02.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
5,2km

Meldt storm på kysten og sterk vind i fjellet! Ferdig på jobb og såg det ruska litt på toppane allerede...men det er berre hærleg med vær og vind så lenge ein er kledd og føler seg trygg! Såg fleire på tur nedover idag, som storkosa seg under fine forhold i puddersnø og med skogskøyring på ski ifrå Eikåsnipa.

Eikåsnipa

Datum:
18.02.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
5,2km

Ferdig med dagens turliv på jobb, fint då å komme seg på eigen tur åleine. Komt litt nysnø men skarete endå opp til 500 moh. Derifrå var det fine skiforhold, litt avblåst enkelte stader etter gårsdagens vind. Traff på to jenter på randonee ski og aldri så lite misunnelig på dei...det kribler litt etterkvart å få gå på ski igjen :)

Karte