Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Bolberg - Gloppen

Datum:
08.02.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:40h
Entfernung:
3,0km

Karte    

Storåsen & Lilleåsen - Flora

Datum:
07.02.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
2,8km

Eit lite opphald i bygeveret og stormane... https://no.wikipedia.org/wiki/Guleslettene_vindkraftverk

Karte    

2.2.22

Datum:
02.02.2022
Tourcharakter:
Wanderung

Avtale med Miriam og Jan Tore om å sjå over Landcruseren og få ein tilstandsrapport. Sidan det er bu og fjellbilen min, hadde eg eit håp om å behalde den til den ikkje vil være med meg lengre. Har samme forholdet til den som min Gps. To gode følgesvenner :) Den har russla og gått 345.000 km sidan 2006 og den har fått nye dyser og automatkasse. Var ekstra spent på rustrapporten! Jan Tore er mekaniker og snart bilutretter/karosseri på Toyota. Miriam datter går det siste året sitt som lærling i delefaget på Toyota. Medan Jan Tore gjekk bilen i saumane, reiste eg og Miriam utover til Flora. Miriam hadde lyst til det, sidan det var ei stund sidan ho hadde vore der. Kom tilbake så var godnyheten at den var overraskende bra i forhald til rust. Eit par enkle slitasje deler å ordne. >>>

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
25.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,2km

Fint å trakke seg til toppen ifrå støylen, når Joar hadde laga spor til toppen :)

Karte    

Selstadheia - Gaular

Datum:
24.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,7km

Etter langvakter i helga, var det fint å komme seg på det eg tenkte kunne passe som ein barmarkstur i det nye mildveret. Har vore på toppen før, men eg mangla sporlogg og bilde ifrå toppen for min eigen del. Så er det faktisk kjekt å gå oppatt nye turer med nye stemninger etter ver og forhold. To sti utgangspunkt ifrå grusparkeringer som ikkje er skilta P. Retur loggen var nok beste startutgangspunktet. Godt trakka sti opp til Selstadstølen og vidare oppover til Nova 638 moh. Skar av stien og vidare eigen retning oppover ryggen mot toppen 696 moh. Opplett og fint til eg kom i snøgrensa på Selstadstølen. Der ifrå sludda det til topps og skodda hang til eg kom ned att på stølen. Sleipt føre ned igjen! Men, ein fin tur til fots om ikkje utsikta var tilstades ifrå toppen. Selstadstølen >>>

Karte    

Løpstur i bakgården!

Datum:
19.01.2022
Tourcharakter:
Jogging

Vorakletten - Sande i M & R

Datum:
15.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:22h
Entfernung:
1,4km

Kom i snakk med ei eldre dame som kjente til oldefaren og slekta mi herifrå. Han kom ifrå og budde på denne delen av øya til han var godt over 90 år og var kjent som ein sprek mann som sykla tydeligvis like lenge! Trivelige historier for min del :)

Karte    

Dollsteinen med syn til forbruksmonumenta på Stadlandet!

Datum:
15.01.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:52h
Entfernung:
2,2km

Eg setter stor pris på å få muligheten til å oppleve naturen vi har her vest! Dette var ein av dei turane med kontraster. Det er ingen selfølge at vi kan suse på! Alt innan nokre timar, så kan ein nyte storhavet, isbreane og høgfjellet og mangfaldet i dette. Eg føler stor lykke av å dra inn og sanse alle desse detaljane, filosofere, studere og undre seg over sammenhengen! Og det som oftast i fred og ro. Det kan også være for rastlausheita i kroppen til å oppleve, få ut energien. Eller fellesskapet ilag med andre, enkelte ganger! :) God tid til ferga skulle gå! Så ekstra fint å bruke tid til å studere landet, havet og vind kreftene ifrå denne toppen! Meldt storm opp i orkan styrke neste døgn utover ettermiddagen. Ellers var det med vemod å sjå dei 5 nye vindmøllene på >>>

Karte    

Rinden - Sande i M & R

Datum:
15.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:52h
Entfernung:
2,7km

Vekslande ver og fint å komme seg ut til kysten. Storhavet ligg også hjertet nærme. Fint å snuse inn den mektige havlufta og trakke litt barmark. Bakerst i bildet ligg Stadlandet

Hornet/Sjurfjellet - Tur 3 & familerøtter! Sandsøya M&R

Datum:
15.01.2022
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:18h
Entfernung:
1,9km

Etter trivelig prat med den eldre dama om slekta herifrå og forståelsen av at det er i denne halvdelen av øya. Så kjenner eg ei spenning vidare å forske ut kven den spreke oldefaren min kunne være og kva liv dei levde her ute i det hardføre og vakre øysamfunnet! Med veldig god tid til den siste toppen Dollsteinen og den tenkte ferja tilbake. Var det mektig fint å nyte havdønningane som presser på i forkant av den meldt stormen! Planen var å campe på fastlandet i ein god heimekjent kyst storm. Men, med forsterka meldinger om orkan i kasta er det berre å komme seg heim til Jølster igjen. Det vart mykje reise for den eine dagen på Sandsøya. Men, sånn er livet med veregudane her ved det vestligaste i vårt land! Ein stad går grensa for å teste naturkreftene! :)

Karte