Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Kvitfjellet og Skåla i Rauma

Datum:
18.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
12,6km

Fin runde på to flotte toppar med noko regn attåt...og ein ny vannskada tlf.....lærer aldri!! Begge toppane er nymerka med fine stiar, borsett frå distansen mellom toppane! Der rota eg meg inn i store vaser med rotvelter i hogstfeltet, noko nøysommeleg tid gjekk det der i silregnet. Nok ein gong stryk på allværsjakke og merketest.... Skåla var ein spesiellt fin topp med litt bratt klippeformasjon mot havet

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
17.07.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
5,2km
Karte    

Dalefjellet i Jølster

Datum:
16.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,8km

Johan var på tur og i farta forbi Sunnfjord, der eg fekk melding og spørsmål om dagens tur var tenkt! Starta frå parkering og bom i Årdalsdalen, gjekk inn til Fremstestøylen og følgde merkinga og ryggen opp ved Torsbotn og Støylsgrova. Mykje snø ligg att endå men superfint å gå på snøfonnene. Møtte ein sauebonde nede i dalen som lurte på om vi hadde sett sauer oppe i høgda! Han var litt fortvila over dyra sine som ikkje visste heilt kor dei skulle gå pga. snømengder.... Turfølge Johan S.

Karte    

Hafstadfjellet

Datum:
15.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,2km
Karte    

Holten-Larstunsstøylen

Datum:
13.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km
Karte    

Endeleg Store Hestbreapiggen ilag med Stein P. & Geir Arne M

Datum:
12.07.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
22,1km

Etter fjorårets flotte rundtur på Hestbreapiggane ilag med Geir Arne, satte skodde og skisko ein stoppar for å nå Store Hestbreapiggen via eggen. Den satt langt inne...100 argument og overbevisningar fram og tilbake....den tar vi jo selfølgeleg att og fjellvett gjeld endå!! Så kom meldinga frå Geir Arne...når har du tid til Store Hestbreapiggen? Ferietid og ikkje tung å be :) Vi var tre som la iveg og som såg fram til denne fine toppen og eggen. Vi fekk campa på Netosætre etter å ha gjennomgått sikkert den første storstilte promillekontrollen i historia... til den litt avsides liggjande men flotte Kvanndal! Førarkort og blåsing på alle tre...Fint var det, då eit par smilande politimenn kom til konklusjonen at vi var då likandes fjellfolk ;) Grunnen for aksjon var krypskyting >>>

Skardtind 1883 moh ++

Datum:
11.07.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
31,0km

Etter rundtur på Hestbreapiggane i 2014. måtte vi sette att hovedtoppen Store Hestbreapiggen 2172 moh pga skodde og sleipt snøføre. Den satt langt inne... det var rett og slett ikkje forhold til å nå toppen utifrå ver og utstyr!! Men skjønt einige var vi at den jammen skulle takast ved første høve i beste tid og fellesskap :) Denne helga passa for mange til ulike turvariantar...og veret var ikkje så ille meldt! Søndag var plan om å nå Store Hestbreapiggen. Brit Siv skulle starte ferien sin med sti sykling i Oppdal og vart med meg til Vågå der vi telta nær Finndalen og utgangspunktet for lørdagens 1800 moh topper ilag med Geir Arne.

Karte    

Havstadfjellet

Datum:
10.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,2km

Karte    

Larstunsstøylen og Holten

Datum:
08.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km
Karte    

Hatlesetnipa og treningstur

Datum:
07.07.2015
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,6km

Fint fjell terreng å springe i....det har regna godt dei siste dagane så det var ganske sleipt. Såg ut som eg hadde prøvd heilkroppsleg gjørmebad etter endt tur!! :) Godt ingen var vitne til det synet! Sjølv om det mest sannsynleg hadde vore eit svært så morosamt skue.... ;)

Karte