Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

1001 moh - Ålfoten- Ein av dei store turopplevelsane!

Datum:
30.03.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
7:09h
Entfernung:
24,1km

1001 fjellet var naturopplevelse eg hadde drømt om. For eit fantastisk fjell og legdeområde! Berre det å sjå på kartet for området fortellet meg om eit eventyr :) Gode meldinger for store deler av dagen, etter mykje ver og vind! Då må ein berre hive seg rundt å nytte veret og ikkje minst forholda! Det var ymse føre lengre nede i lia som gjorde til at ein var noko usikker på kor vidt det ville svare seg å fortsette! Men når ein er strøten nok! Så lønner det seg :)

Karte    

Skarpefjellsnakken - Masfjorden

Datum:
29.03.2020
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
2:44h
Entfernung:
6,9km

På heimveg til Jølster, vart det ein beinstrekk til Skarpefjellsnakken! Tette snøbyger med kraftig vind var ingen hindring. Det er ganske fint med dei turane også. Det er ikkje alltid ein treng den gode eller fine utsikta ifrå toppen. Fordi det berre er så hærleg også å kjenne på vær og vind! Det vart ein fin luffetur på truger ilag med Inge.

Tømme vinteren i ei elv!! Løpstur til Mostøylen

Datum:
24.03.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
3,8km

Skogsvegen er framleis ikkje lik seg etter alle rasa her i fjor sommer! Store nedbørsmengder idag og mildt. Men av ein eller anna grunn liker eg godt å springe akkurat denne no så urete vegen. Det er ikkje så monotont og ein må konsentrere seg å "jobbe" med konsentrasjonen og berre være tilstades, akkurat der og då. Fint er det å sortere tanker og planlegge dagane! Det er ingen krevjande og spektaktulær tur! Men ein enkel og fin måte i kvardagen til å halde den gode begvegelsen også for dei gjerne større turane seinare :) No i desse coronatider har eg stort sett den øydelagte skogsvegen for meg sjølv! https://www.youtube.com/watch?v=9_BxLLRgaIQ https://www.instagram.com/paulnicklen/

Løpstur til Sanddalen

Datum:
22.03.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
16,4km

Ingen ord som beskriver lykkefølelsen & freden.....

Datum:
21.03.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

I eit øyeblikk som dette :) Ein fin morgentur før langvakt. Skareføre med eit lite dryss av snø til oppom støylen. Vidare opp til toppen var det glitrande krystaller i sola og hærleg puddersnø!

Karte    

Løpstur ilag med Miriam

Datum:
21.03.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,6km

Fin løpstur i langfripausen min. Nydelig ver på føremiddag, skya til ut på dag! Miriam måtte snu tilbake og heim etter ei stund.

Fabelaktig løpstur! Rein nytelse & åleinetid!

Datum:
20.03.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km

Dette er rein nytelse! Det kjennast så uendelig godt å snøre skoa og pakke ein lett sekk med ei lett dunjakke og vottar mot toppen. Fordi kontrastane er no av dei vakraste med eit yrande fuglekvitter nederst i liane. Bekken sildrar og klukkar opp til vinterland! Sola varmar på nasetippen og livet er berre hærleg :) https://www.youtube.com/watch?v=sWvdFIU6hZg

Karte    

Solheimfjell

Datum:
19.03.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
2,7km
Karte    

Hatlesetnipa

Datum:
19.03.2020
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,1km

Ettermiddagstur etter jobb.

Karte    

Frisk rufsetur til Hatlesetnipa!

Datum:
18.03.2020
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
5,1km

Traff det fint på toppen idag med skaplige vestabyger! Kraftig vind og haglebyger som kunne kjennast. Hærleg å kjenne naturkreftene rufse og fint å sjå gråtonane skifte så raskt i naturen.

Karte