Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Tindefjellet og rekogniseringstur Kjøsnesfjorden/Jølster

Datum:
14.08.2018
Entfernung:
6,3km

Ferdig på jobb og siste dag ifølge yr med godveret ei lita stund framover! Ein snartur oppom Tindefjellet etter jobb, medan eg venta på at Svein skulle bli ferdig med dugnad på Skei. Svein har eg hatt mange fine klatreturar/fjellturar ilag med og vi har lenge tenkt at vi skulle prøve å klatre nokre ruter i Kjøsnesfjorden. Det vart med rekogniseringa ikveld, det var mykje våte berg og sva. Det blir å satse på nydelige haustdager og nye muligheter etter desse regndagane :)

Karte    

Halvgjerda-Jølster

Datum:
13.08.2018
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
6,9km

Nydeleg fint etter første dag på jobb og etter ferie! Ingen å treffe på tur.

Karte    

Høgeloft ++ Lærdal - Ein av dei store!

Datum:
12.08.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:46h
Entfernung:
10,8km

Høgeloft har stått ei stund på ønskelista! Anna Margrete Tråve bur på Tråve i Lærdal og er ei god venninne som eg vart kjent med då Storehesten i Bygstad hadde NM i motbakkeløp. Heidi Weng tok løpsrekord og eg då stolt eigar av mitt NM sølv. Anna Margrete går nok inn i historebøker med sitt eventyrlege løpsliv i inn og utland. Ho har ei treningsglede og ei fjellglede som eg ikkje har sett maken til hos andre og derfor var det ekstra stas å få være på tur ilag på akkurat Høgeloft. Det finnast mange som gjere og lever eit liv innan trening, fjell, klatring til det ganske så ekstreme på høgt nivå! Og som ikkje har noko behov for å fortelle... Det finnast berre ei så vanvittig genuin interesse og som eit selfølgelig liv hos desse menneska. Sånne mennesker får eg stor >>>

Steindalsfjellet & Dyrdalsknausen!!! :)

Datum:
10.08.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:55h
Entfernung:
15,6km

Litt usikker på kva eg skal seie om definisjonen min på nydelig leikande skodde i fjella og trivelig regn på nasetippen i dag og som berre reint lekkert! Det vart rett og slett vått i dag, skodde og vind. Men det visste eg jo eigentlig og derfor likevel tur! Eg har store tankar om at det har sin sjarm dette veret også... Evig optimist er eg, det er faktisk ganske så fint å tussle på mutters åleine i sånne omgivelser! Ps. Det einaste er berre ein liten ergrelse over rein skobommert og at dagens telefon i regn lever sitt eget liv! Og kanskje også at Gore Texen er bittelitt oppskrytt!

Sygnesandsnipa & ein Jølster indrefileet

Datum:
10.08.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
17,1km

Men det er også grensefjell til Førde. Forbausande lite folk å treffe på i desse fjellområda ifrå Lundaskaret. Spesielt på ein sånn nydeleg ettermiddag og kveld! Ei skjult naturperle inne ved vatna, omkransa av breane og fjella. Her skal det teltast ein dag for så å gå på Troget 1566 med mykje meir!

Karte    

Løpstur Eikåsnipa og heier på Karsten Warholm

Datum:
09.08.2018
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
8,0km

Etter nesten opp mot 35 pluss i over ei veke! Var det faktisk fint å sjå skodda leike seg i fjella igjen og kjenne regndråpane på nasa! Kneet mitt var ikkje like begeistra for våte myrer og motbakker. Heier på Karsten Warholm :)

Karte    

Staurinibba/Stryn

Datum:
08.08.2018
Entfernung:
4,7km

Etter middag kom Miriam med tur innvitasjon! Taubane i Loen og så vidare opp til Staurinibba :) :)

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
08.08.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
5,2km

Det vart ein rask morgentur på jakt etter siste molter...

Karte    

Nordre Kolsås/Bærum

Datum:
06.08.2018
Entfernung:
3,1km

Karte    

Morgenstund har gull i munn/Hamburg

Datum:
05.08.2018
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
9,6km

Karte