Rufsetur på Eikåsnipa...! Var litt usikker på om eg skulle luffe oppover idag etter jobb! Skodda låg tjukk og eg hadde stor bruk for oljehyre! Gore-Tex var ikkje tema eingong...Men mykje ekstra julekav på jobb for tida medfører berre eit stort behov for å koble om til fred og ro. Så det tok ikkje så mange minutta i overveielsesfasen :) Eg er glad for at eg hadde glida skia mine søndagen, det minte meg nok litt meir om ein vannskitur. Flotte slush svinger vart det iallefall på heimtur :)
To bøtter med kakao og krem ifrå favorittkoppen min (Laga av Kari Astrup Geelmuyden i Jølster-Barnebarnet til Nicolai Astrup) gjere susen og er toppen av lykke etter ein frisk tur!
User comments
treffande overskrift
Written by kobbenes 07.12.2017 08:45"til topps der du bor" :-)