Det finaste liv der ute ved havet... (22.07.2017)


Startpunkt Færøy
Entfernung 4,8km
Höhenmeter 161m
GPS

Etter ein fantastisk tur på dei vakre Memurutinder i Jotunheimen. Er det store kontraster å reise rett ut til det vestligaste øyparadiset Solund, ytterst i Sognefjorden mot Nordsjøen.
Her på øya Færøy er det også ei fint merka Nordsjøløype. Ein liten rundtur i den løypa må eg alltid når eg er heimom ein tur. Det er ei utruleg fin utsikt ifrå nordsida av øya mot Alden, Værlandet og Bulandet. Kjekt er det alltid også å kunne få være til hjelp, med litt av vedlikehaldsarbeidet på båtane. Godt alt som er gjort og vel gjennomført :)

Vedlikehaldsarbeid er kjekt ilag :)
Vedlikehaldsarbeid er kjekt ilag :)
Purpurlyngen sto på sitt finaste no...
Purpurlyngen sto på sitt finaste no...
Ganske fascinerande å sjå dei store fururøttene i vatna, noko som vitner om stor skog her ute ein gong i tida!
Ganske fascinerande å sjå dei store fururøttene i vatna, noko som vitner om stor skog her ute ein gong i tida!
Ferdig bunnsmørt og ein velfortjent sommerpuss! :) Klar for nye eventyr!
Ferdig bunnsmørt og ein velfortjent sommerpuss! :) Klar for nye eventyr!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.