Risnesnipa og Gygrekjeften (23.03.2025)


Startpunkt Hovland parkering (22m)
Endpunkt Hovland parkering (22m)
Tourlänge 7h 10min
Entfernung 17,3km
Höhenmeter 1.515m
GPS
Besteigungen Gygrekjeften (710m) 23.03.2025 10:11
Risnesnipa (776m) 23.03.2025 10:11
Risnesnipa SØ (765m) 23.03.2025 10:11

Risnesnipa og Gygdekjeften

Etter ein hittil snøfattig vinter baud moglegheiten seg med godvêr til ei sein mars bestigning av kommunetoppen Risnesnipa.

Vi parkerte ved Hovland, med utsikt rett opp til Risnesnipa.

Eit par hundre meter langs vegen tilbake mot Hyllestad var sti-starten skilta.



Nær skoggrensa og opp til "ryggen" på Lihesten var det laga til med sherpatrapper. Desse slynga seg elegant opp det brattaste partiet på stien.



Frå toppen av sherpatrappa og vidare mot Risnesnipa var det innslag av gjennomsslagsskare, men det stakk ein del bart fjell opp som ein kunne spasere på.

Vi gjekk først til Risnesnipa SØ punktet som ligg rett ovanfor stupet ned mot Risnes, før vi fortsatte mot det høgste punktet som ligg ca. 800 meter lengre mot nordvest.


Risnesnipa.
Risnesnipa.
Kommunetoppunktet.
Kommunetoppunktet.
Alden i det fjerne.
Alden i det fjerne.

Sidan vêrert var så flott fann vi ut at vi skulle gjere turen om til ein rundtur via Gygrekjeften. Turen dit gjekk via 3L-stølane.

På Gygrekjeften inspiserte vi den luftige tanna kor deltakarane i 71 grader nord overnatta i hengekøye.


Siste stigning mot Gygrekjeften.
Siste stigning mot Gygrekjeften.
Tanna på Gygrekjeften.
Tanna på Gygrekjeften.

Returen gjekk via den bratte Nipestien og tilbake langs vegen til Hovland.



Takk for ein nydelig tur!



Startzeitpunkt 23.03.2025 10:11
(UTC+01:00)
Endzeitpunkt 23.03.2025 17:22
(UTC+01:00)
Gesamtzeit 7h 10min
Zeit in Bewegung 5h 57min
Pausenzeit 1h 13min
Gesamtschnitt 2,4km/h
Bewegungsschnitt 2,9km/h
Entfernung 17,3km
Höhenmeter 1.514m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.