Slettmarkspiggen (18.07.2025)


Startpunkt Eidsbugarden (1.035m)
Endpunkt Eidsbugarden (1.062m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 28min
Entfernung 24,7km
Höhenmeter 1.399m
GPS
Besteigungen Slettmarkkampen (2.032m) 18.07.2025 09:19
Slettmarkpiggen (2.164m) 18.07.2025 09:19
Slettmarkpiggen Fortoppen (2.120m) 18.07.2025 09:19

Slettmarkspiggen

Årets avstikkar frå Vinjerock


Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur (Mjølkedalspiggen), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen.



Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng.

Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen.



I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.



Det vart ein liten rast før vi tok til på stigninga opp mot Slettmarkkampen. Første stigninga gikk opp ei grov steinur, og noken sva. På returen fann vi små vardar vi heller kunne fulgt lenger aust.

Etter den første stigninga kunne vi stort sett følge snøfelt. Her møtte vi ein flokk reinsdyr som kjølte seg ned på snøfelta.



Etter 3 timar sto vi på toppen av Slettmarkkampen.



Vidare var det enkel klyving ned ein hammar, litt meir vandring i ur, og passering av eit luftig punkt før vi sto på toppen av Slettmarkpiggen.

Frå Slettmarkpiggen hadde vi heilt rå utsikt oppover Jotunheimen.
Magnar var litt skuffa over at toppen ikkje var meir luftig, men ellers var han nøgd.



Returen til Uksedalen gikk som ein leik da vi stort sett kunne springe på snøfelta.

Vidare var det berre å sette eine foten føre den andre, til vi var tilbake på Eidsbugarden og klar for meir festivalliv.



Takk for turen!


Startzeitpunkt 18.07.2025 09:19
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 18.07.2025 15:47
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 6h 28min
Zeit in Bewegung 5h 49min
Pausenzeit 0h 38min
Gesamtschnitt 3,8km/h
Bewegungsschnitt 4,2km/h
Entfernung 24,7km
Höhenmeter 1.399m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.