Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Aukra: Eidskremheia

Datum:
18.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,4km

No samlar eg ikkje kommunetoppar, men sidan eg manlga berre 4 i M&R var det nok til at eg kunne fylle dagen med denne turen. Tvilar likavel på om den lista blir fullført sidan eg då må ut til Smøla og plukke Ramndalshaugen på 70 m. Ruta opp til Eidskremheia er lett å finne og andre har skrive godt om denne med GPS-spor. Snakka først med karen som budde på nedsida av veien om parkering. Det er ikkje ønskjeleg at folk parkerer langs hekken rett nedanfor der ruta startar, fordi ein då blokkerer for sikta når dei skal inn på veien. Forståeleg nok. Så gjorde han meg merksam på at det no var laga ny parkeringsplass på oppsida av veien berre 50 meter lenger borte. Der kunne eg og overnatte med bobil sa han. Takka og bukka for dette og kom meg avgarde. Skodde og frisk vind på >>>

Molde: Langåsen og Bjerkalia

Datum:
17.06.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:39h
Entfernung:
7,7km

Tur 1. Parkerte i Solemdal der skogsveien startar. Plass til eit par bilar der. No er det ikkje lurt å blokkere for innkjøyring til skogsveiar, men i dette tilfellet såg det ut som det var årevis sidan sist den var brukt. Fulgte skogsveien til endes, tørrt og fint å gå. Her var det kasse og bok for Langåsen, altså langt unna høgaste punkt. Tok av til høgre rett etter postkassa på svak sti over myra, vidare på sti vestover heile Langåsen til høgste punkt. Kryssa ei myr til rett før toppen der stien ikkje var synleg, men så snart ein kom bort på neste rygg var den der igjen. Lett og fin tur i joggesko. Tur 2. Det går rykter i tindesamlarmiljøet om ruta opp frå Mauset. Det er det ingen grunn til, om du leitar finn du merka rute opp her. Parkerte ca 100 m vest for der skogsveien >>>

Karte    

Rauma: Randsetfjellet og Skåla

Datum:
17.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:53h
Entfernung:
7,6km

Hadde overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset etter tur med Jan Petter på Tarløysa kvelden før. No var eg overlatt til meg sjølv, planen for dei neste 8 dagane åpen. Sidan det låg skodde nedpå fjella vart valget i dag å starta med 2 gjenståande lave toppar på Rødvenhalvøya. Kjøyrde bomvegen til Landresetra. Her er det god parkeringsplass, kunne og overnatta her men dette viste eg ikkje. Gjekk først til Ransetfjellet. Tok ein rundtur, fulgte veien austover, så inn på stien og over toppen og sti og veg vidare ned til parkeringa igjen. Ny tur til Skåla. Gjekk forbi sætra, så gjennom orkanskog og på god sti til Skåla. Skodde på begge toppane, men slik er det berre. Vidare til Mittet og Skarven/Bolfjellet.

Karte    

Rauma: Skarven og Bolfjellet

Datum:
17.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:39h
Entfernung:
9,6km

Karte    

Rauma: Tarløysa

Datum:
16.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
7,6km

Første dag på eit 8-dagers Romsdalsraid. Hadde hatt kontakt med JPV og avtalen var å møtest i Rødvenkrysset kl 1800 torsdag kveld. Kjøyrde til Nysetra, det er no ny betalingsterminal oppe i gata der og den tar VISA, kr 75. Frå parkeringa er dette ein fin og enkel tur. God sti og merking oppover. Oppe på toppen slappa eg av medan Jan Petter var ned på Blåfjellet som han mangla i Raumasamlinga si. Stille og fint på toppen. Rusla tilbake same vegen. Overnatta på parkeringa i Rødvenkrysset, skulle til Landresetra neste dag.

Karte    

Eid: Fossane

Datum:
15.06.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Eid: Maragjølvatna

Datum:
11.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:30h
Entfernung:
9,0km

Dagens tur vart ingen topptur, men ein tur over til Maragjølvatna. Ei stund sidan sist eg var der. Parkerte ved fellesfjøsen på Lotsstøylen. Etter ei god stund med sauespekulasjonar frå Vinjar vart han plassert i bæremeisen. Hadde med mykje mat og utstyr i tillegg så vekta var merkbar. Fulgte veien oppover og tok av mot Kinna på ein svak sti ca 680 moh. Herifrå er det lett austover til Maragjølbakken. Der er det varde og trimbok. Skreiv oss inn og brukte lang tid på mat, drikke og tull. Planen var at Lise skulle møte oss ein eller anna plass etter jobb. Dette var enno 2-3 timar til, så for å fylle dagen gjekk vi ned til Maragjølvatna. Her har eg vore mykje før, både fiske og henta dyr frå sommarbeite. Vart sjokkert over den nye kraftlinja som er veldig dominerande her mot >>>

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
06.06.2016
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Bremanger: Gjegnen

Datum:
04.06.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:11h
Entfernung:
24,6km

Dette var nok tidenes finaste tur på Gjegnen. Ein seksar på terningen, sjølv om Geir Arne grein over noke dis rundt oljeplatformene og ein lett trekk på breen. I tillegg møtte vi folk på returen, offameg. Sjølvsagt var det kjentfolk. På Gjegnabu var besøksprotokollen ikkje flittig brukt i 2016, einaste overnattinga var eit par karar, den turen kjenner eg til frå Facebook. Det er klart at Gjegnen frå Hope er best når snøen er smelta opp lia til Lavesteinen. Det betyr sjølvsagt ein del skibæring, men det er først på traktorvei og så ei lita kneik opp lia. Frå Lavesteinen er det ein slak og fin tur, ingen grunn til å bære med seg tungt utstyr. Fjellski er heilt glimrande herifrå. Meir info finst under bilda.

Stryn/Luster: Kvitekoll, Nordfjord pf 100 komplett!

Datum:
27.05.2016
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
10:45h
Entfernung:
40,7km

Stryn pf 100 89 toppar, komplett liste. Nordfjord pf 100 310 toppar, komplett liste. For dei som ikkje skulle være kjendt med eller i Nordfjord, så består regionen av kommunane Stryn (89), Hornindal (29), Eid (34), Gloppen (67), Vågsøy (23), Bremanger (64) og Selje (28). Antall toppar i parentes. Etter gammalt høyrer søre delar av Bremanger til Sunnfjord, men i denne sammenheng får det gå greitt at heile Bremanger er med i lista. Høgste topp: Lodalskåpa 2083 Lavaste topp: Fløyna 101 (Nakken på Gangsøya var tidlegare registrert med 100 m, men nye kart viser at toppunktet er 105.) Vanskeligaste topp: Tindefjell 1776