Gloppen: Dauremålet (28.07.2011)


Start point Myklebustdalen (340m)
Endpoint Myklebustdalen (340m)
Characteristic Hillwalk
Distance 8.0km
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Dauremålet (1,456m) 28.07.2011
Sør for Dauremålet (1,605m) 28.07.2011

Oppsamling av lav-pf i Gloppen kommune. Dauremålet har eg sett på lenge sjølv om den ikkje har all verden primærfaktor. Artig å besøke slike toppar der det aldri går folk. Kjøyrde til Myklebustdalen og parkerte etter brua. Vi hadde ingen info om ruter opp her og prøvde berre blinke ut eitkvart som kunne sjå bra ut. Det vart ein kamp i buskas og kratt. Torvklyving og elendighet oppover gjorde at temperaturen steig i turfølgjet. Det ville eigentleg være rart om det ikkje går ei rute opp ved Strupen men vi fann ingen å spørje om dette. Vel.. omsider var vi opp forbi skoggrensa. Eg prøvde overtale dei andre om at vi ikkje skulle gå ned her. Det klarte eg vel etterkvart utover dagen. Etter ein lang pause med pleie av psyken la vi i vei oppover mot Dauremålet. Runda rundt på austsida mot breen. Kjempeflott på toppen, sjølv utan pf (ca 46 m) Ikkje alltid pf er avgjerande. Endeleg klarte turfølgjet å bli einige om vidare rute. Vi gjekk endå høgare over toppen på ca 1600 moh. GPS viste 1608 på denne, høgde finst ikkje på kart. Har vore på denne før på ski. Gjekk austover og knota oss ned nokre renner til sommarruta langs Støylselvane frå Myklebustdalen mot Snønipa. Delvis sti nedover i rasskog og kratt før vi labba veien ut til bilen. Flott rundtur utanfor allfarveg. Ved bilen møtte vi eit par i ein traktor som var veldig spent på kva folk vi var og kvar vi hadde vore. Kona hadde vi snakka med eit par år tidlegare og ho kjende oss igjen. Dei var lettare oppøste over at nokon hadde vore på Dauremålet. Dei viste berre om ein som hadde vore der før og det var far til bonden.

Bukkemark d lux
Bukkemark d lux
Kvile og opp-psyking etter buskashelsiket
Kvile og opp-psyking etter buskashelsiket
Lise og Torleiv mot toppen på Dauremålet 1456
Lise og Torleiv mot toppen på Dauremålet 1456
Frå 1600+ toppen mot Myklebustbreen
Frå 1600+ toppen mot Myklebustbreen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.