Stryn/Stranda: Holedalsfjellet (07.05.2011)


Start point Skjerdingsdalen (640m)
Endpoint Skjerdingsdalen (640m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Distance 18.0km
Vertical meters 1,300m
Map
Ascents Holedalsfjellet (1,705m) 07.05.2011
Sør for Holedalsfjellet (1,611m) 07.05.2011
Nautbreen Ø1 (1,495m) 07.05.2011
Nautbreen Ø2 (1,550m) 07.05.2011

Parkerte ved tunnellinnslaget i Skjerdinsgdalen. Det var veldig disig og grått og motivasjonen var ikkje heilt topp når vi labba innover. Dette er ein kjempetur som eg absolutt ville ha godt ver på. Og det fekk vi!. Innover dalen klarna det opp og vi måtte til med lettelse i antrekket. Motivasjonen og humøret steig til uante grenser. Gjekk mot søre Skjerdingdalsvatnet og vidare opp mot skaret nord for topp 1611. Her litt knot opp over punkt 1569. Vidare lett til Holedalsfjellet 1705. Returnerte til skaret igjen og opp til 1611-toppen. Ville og ha med 2 mindre toppar aust for Nautbreen. Den eine var faktisk veldig luftig og bortimot turens høgdepunkt. La oss på magen fram på kanten og kasta nokre steinar nedover. Frå siste topp nær Nautbreen kjøyrde vi i gode forhold ned til Skjerdingdalsbotnen og glei ut den lange dalen. Yess, det vart ein kjempetur! Turfølgje var Roy Johnny Meek frå Folkestad. Ein triveleg kar som eg har gått altfor lite turar saman med.

Roy passerer stor stein i Skjerdingsdalen
Roy passerer stor stein i Skjerdingsdalen
Roy går frå 1569 mot Holedalsfjellet
Roy går frå 1569 mot Holedalsfjellet
Den stilige toppen aust for Nautbreen
Den stilige toppen aust for Nautbreen
Roy kastar stein frå Nautbreen Ø2
Roy kastar stein frå Nautbreen Ø2

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.