Stryn: Fremstekåpa og Strynekåpa (29.07.2011)


Start point Greidung (340m)
Endpoint Greidung (340m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,600m
Map
Ascents Fremstekåpa (1,771m) 29.07.2011
Strynekåpa (1,543m) 29.07.2011

Vi kjøyrde forbi Greidung, vidare på bomveg opp til parkeringsplassen under Hesthammaren. Skodda låg godt nedi fjella men håpet var at den skulle lette. Fulgte god sti inn til Vetledalsseter der vi hadde god matpause. Vidare langs ruta mot Ulvestigen og Erdalsbreen. Vest for vatn 867 tok vi oppover mot Strynekåpa. Ingen vesentlige vansker oppover men skodda gjorde at det var vanskeleg å planlegge turen langt framover. Veldig kort matøkt på Strynekåpa i eit skuffande ver. Grautskodde og veldig fuktig, bortimot regndråpar. Turen vidare såg ikkje lystig ut. Langa ut mot Fremstekåpa, toppen skulle vi nok få, men trasig med veret. Eit stykke før toppen lysna det og vi ante håp om å komme over skodda. 100 høgdemeter før toppen kom vi opp på skoddeteppet, og eit lekkert skue åpna seg. Vindstille og sol! Og den varma enormt!. Eit fantastisk toppbesøk der vi vart sittande lenge. Til slutt vart det diverse fotoseansar både med og utan kle. Ikkje alt passar seg å poste her :-) Vi gleda oss ikke til å senke oss ned i grauten igjen men til slutt måtte vi berre starte heimturen. Dette toppbesøket er noko av det flottaste vi har hatt, ikkje minst med utsikta mot Lodalskåpa. Torleiv kroksleiven (Torleiv Orheim) Lise og Gard var med på turen.

Frå Fremstekåpa mot Lodalskåpa
Frå Fremstekåpa mot Lodalskåpa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.