Nesset/Lesja: Midttinden (05.08.2016)


Start point Ytste Seljefonnbekken (900m)
Endpoint Ytste Seljefonnbekken (900m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 06min
Distance 8.5km
Vertical meters 745m
GPS
Ascents Midttinden (1,617m) 05.08.2016
Midttinden N (1,594m) 05.08.2016

Kom frå Eira Camping i Eresfjord der vi hadde overnatta. Kjøyrde den spennande Aursjøvegen opp frå Finnset. Kr 100 som betalast med kort. Parkerte ved Ytste Seljefonnbekken. Lise gjekk først, eg styra på med Vinjar som og skulle sove litt. Ho brukte drygt 2 timar på dette prosjektet, så var det min tur. Gjekk opp vest for bekken, over eit snøfelt og så vidare rett sørover mot toppen. Lett skodde rundtom på toppane, men såg no litt. På returen fekk eg tlf frå Lise. Ho hadde observert 2 stk som var på spasertur oppover sida. Kva dei ville der er usikkert, men dei snudde ved snøfeltet og tok ei hårete rute nedover nokre sva. Lise satt klar og skulle ringe 113. Eg såg dei når eg kom over kanten, passerte dei på ca 100 meter. Guten først og jenta etterpå akande på rumpa nedover. Heldigvis kom dei seg ned utan å skli avgarde. Dei gjekk til bilen og forsvann, kom aldri i prat med dei. Uansett, fin tur til ein einsleg lite besøkt topp på grensa mellom Nesset og Lesja.

Parkering ved Ytste Seljefonnbekken
Parkering ved Ytste Seljefonnbekken
frå 1594-toppen sørover mot Midttinden
frå 1594-toppen sørover mot Midttinden
Vestover mot Kleneggen som skal ligge ein plass i skodda der.
Vestover mot Kleneggen som skal ligge ein plass i skodda der.
1594-toppen med stor stein som høgste punkt
1594-toppen med stor stein som høgste punkt
Mot Aursjøen
Mot Aursjøen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.