Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Telttur i Bymarka

Date:
28.03.2014
Map    

På ski til Elgsethytta

Date:
19.03.2014

Eg og Kristine stod opp tidleg i dag for å rekke ein snøggtur i Bymarka før skule. Andre og truleg siste dagen med minusgrader og fin snø. Gjekk frå ein p-plass ikkje langt frå Skistua i retning Elgsethytta. Litt vind, etterkvart vart det meir i kombinasjon med snø. Rimeleg ruskete, men det var mykje folk og dyr i løypene. På veg attende frå Elgsethytta, møtte me Petter Northug. Akkurat då snudde han, for han sa han tykte det var for mykje vind... Eg og Kristine satte i eit voldsomt tempo og klarte å halde fylgje med honom i omtrent 300 meter. Men me hadde nok ikkje mykje å stille opp med mot ein verdsmeister, nei. Det sette imidlertid ingen dempar på stemninga, og etter omtrent 7 km var me plutseleg ved bilen att. Takk for turen!

Map    

På ski til Estenstadhytta

Date:
18.03.2014

Endeleg såg det ut til at me skulle få eit par dagar med vinter i Trondheim. Etter å ha fulgt med på løypemaskinene sin aktivitet etter snøfallet, stod eg opp tidleg tirsdag morgon og tenkte at lekser fekk vere lekser. Ute skein sola og det var så vidt minusgrader. Eg gjekk så fort eg kunne frå Nardo opp Heggedalen til Lohove. No var eg jammen meg utålmodig. Ved Lohove var det berre å klikke på seg skia og leggje iveg. Sjølv om klokka ikkje var ni endå, møtte eg fleire skilauparar på veg ned att frå Estenstadmarka. Fann greitt fram og hamna på Estenstadhytta. No hadde det byrja blåse og snø litt. Fekk utsikt innimellom. Ned att hadde eg stort sett nykøyrde løyper og eit stort glis om munnen. Eg har ikkje gått på ski på ein månad, og det er lengje å vente når ein >>>

Map