Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Skeikampen rundt

Date:
29.12.2013
Map    

Gråkallen

Date:
28.09.2013
Map    

Geitfjellet

Date:
26.09.2013
Map    

Vekvessætra

Date:
20.09.2013
Map    

Liaåsen

Date:
07.09.2013
Map    

Eg saknar Sogndal!

Date:
01.09.2013

Etter å ha budd i Trondheim i tre veker, var det på tide å kome seg ordentleg opp i høgda... Eller, i alle fall så høgt det let seg kome her. Sundag med flott sol. Gjekk nærast i ei gågate frå Fjellsætra og innover. Bikkjer, folk, andre dyr, ungar, syklistar; det einaste eg ikkje såg var skilauparar. Grusvegar, tilrettelagte stigar og plank gjorde verkeleg turen "opp" til plankekjøring. På toppen var det vanskeleg å få sitjeplass. Utsikta var fin. Godt å kome seg ut på tur og det er fint å sjå at andre også kjem seg ut, men uansett kor ein dreg ut her, gløymer ein aldri at ein bur i ein by. Eg lengtar attende til stilla, bratte, steile fjell, motbakkar og attvokse stigar.

Map     3 comments

Geitfjellet og Våttakammen

Date:
30.08.2013
Map    

Snøhetta

Date:
24.08.2013

Allereie før studiestart hadde eg og Kristine fått nok av tilveret i byen. Då me såg at vêrmeldinga for helga var god, pakka me saman, kasta telt og fjellsko inn i bilen og la oss tidleg fredag kveld. Laurdag morgon kl 7 drog me til Hjerkinnhus og var innstilte på å ta buss til Snøheim 9:45. Me var ikkje dei einaste me desse planane, så me måtte pent vente i 45 minutt. Litt før 12 var me klare for avgang. Strålande haustsol, frisk luft og mild temperatur. Teltet slo me opp ved Istjørni. Utruleg flott stad. Tida gjekk, som ho plar gjere. For fyrste gong på eit par veker hadde me ingenting me måtte rekke, så klokka vart nærare to før me tusla oppover mot hovedtoppen. Dei fleste var no på veg ned att; det var ein uendeleg straum av fargerike allvêrsjakker. Etter eit par timar >>>

Map    

Storhøa

Date:
05.08.2013

Satt på med mor til Espedal handel og installerte meg på bakrommet før eg og Marwin traska i veg mot nikkelgruva og målet for dagen; flotte Storhøa. Opp forbi Gammelsætra. Forbi gruva og over luretoppane før me stod ved varden etter berre litt over ein time. Hadde sett fram til utsikta eg veit ein kan få herifrå, men kringliggjande gråvêr med skyer og regnbyger øydela litt. Likevel grei temperatur, litt solskin og ikkje altfor mykje vind. Gjekk innom Storgruva på veg ned og skreiv i boka. Resten av dagen i Espedalen vart nytta til å lese i "Bibelen" og drøyme seg bort.

Map    

Sundagstur på Skei

Date:
04.08.2013

Ein roleg morgon heime og klokka vart nærare høgstdag då eg og Marwin parkerte bilen innst i Torsdalen. Eg hadde eigentleg berre tenkt å lufte hunden, og hadde difor ikkje nokon konkret plan for dagen. Det verka naturleg å rusle opp mot Prestkampen fyrst. Godt vêr, ein del vind på toppen. Storslagen utsikt, som vanleg. Hadde tilfeldigvis ein kikkert i sekken. Studerte dei snødekte tindane i Jotunheimen før eg kom på at eg skulle skrive meg inn i protokollen. Ein av dei utallige posane flaksa sjølvsagt høgt til himmels i den kraftige vinden, til stor begeistring for ein flokk ungar med foreldre som sat og rasta nedanfor toppen. Eg bestemte meg for å ta same veg som posen og traska i veg i retning Bånsæterkampane. Plutseleg låg posen frå Spar der, like ved stien. Eg lista meg >>>

Map