Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Helleberget

Date:
30.09.2012

Sundagstur med Kristine. Dro frå skulen kvart på elleve, parkerte ved Hollekve. Følgde fint merka sti i myrlendt terreng langs Stedjekammen, forbi Rysete og vidare opp på Helleberget. 5 km og 500 høgdemeter gav ein roleg tur. Greitt vêr, nokre regnskurer. Varmt i lufta. Fekk fin utsikt mot Sogndal, med mellom anna Tylderingen, Storehaugen, Nuken, Hesteggi, Slakkafjellet og Skriki i biletet. God lunsjpause før me rusla ned att same vegen. Fekk sett litt av skiløypenettet og ikkje minst terrenget elles ved Hollekve; eg gler meg til vinteren! Attende på skulen litt over tre. Takk for ein fin tur!

Map    

Dugnad på Grøssete

Date:
27.09.2012
Map    

Sauesanking i Fjærland

Date:
24.09.2012

Fuglesteg

Date:
23.09.2012
Map    

Molden

Date:
22.09.2012

Vakna til strålande vêr i Sogndal denne morgonen. Vori klar for tur lengje. Fekk difor med meg Kristien og Kristi til Molden. Dro frå skulen omtrent kvart over 10 og var på tur frå parkeringsplassen kvart på 11. Roleg rusletur i dag. Kjente at det var greitt, etter fire dagar på tur. Vindstille, blå himmel. Ikkje ei sky. Naturleg nok ein del folk på fjellet. Var oppe tjue over 12. Te og KvikkLunsj før mykje fotografering. Utsynet kunne truleg ikkje vori betre. Klår, kjøleg haustluft. Nede att ved bilen 14:40. 4 timar tur/retur. Takk for ein fantastisk dag!

Map    

Nordheimsdalen

Date:
18.09.2012

Dro frå Sogndal til Fresvik tysdag morgon. Her skulle me leige kajakkar av Dee Cunnigham. Kring halv to var endeleg alle kajakkane pakka og me var på veg innover Aurlandsfjorden. Stoppa på Simlenes. Padla totalt ca. 12 km. Gjekk frå kaia (ikkje langt frå Breisnes) og oppover mot Galden og Brendeli kor me overnatta i Aurland fjellstyre si hytte. Dagen etter gjekk turen bratt oppover mot Nordheimsstølen og vidare til nedste Storebotnvatnet kor me overnatta i ei anna fjellstyrehytte. Før middag var eg med på ein rundtur som gjekk oppom Vesle-varden på 1029 moh. Torsdag morgon gjekk me ned til Nordheimsstølen att, kor me sette frå oss sekkane og tok ein tur opp på Breisnesnosi, 1041. Gjekk ut på kanten og fekk flott utsikt over Aurlandsfjorden. Såg mot Stigen gard, Hermansverk og >>>

Grøssete

Date:
12.09.2012
Map    

Store Smørstabbtinden

Date:
03.09.2012
Map    

Nuken

Date:
02.09.2012
Map