Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Hesteggi

Date:
29.08.2012
Map    

Stedjeåsen

Date:
27.08.2012
Map    

Slagsfjella og Kristianvarden

Date:
23.08.2012

Eg og Marwin fekk lurt med oss mor på ein topptrimtur i ruskevêret. Parkerte ved nedkøyringa til Fyksesætra, langs Peer Gynt-vegen. Yr i lufta, regnskurer kring oss. Gjekk vidare langs vegen og opp Kristianråket til høgre. Opp på Kristianvarden og deretter Vestre Slagsfjellet. Fin utsikt mot m.a. Skeikampen og Prestkampen, såg såvidt Ongsjøfjellet i det fjerne. Elles litt begrensa kor langt ein kunne sjå. Mor fekk stempla nok ein topp på kortet. Gjekk råket vidare ned att frå Slagsfjellet, forbi eit tjørn og kom direkte ned att til parkeringa. Brukte omtrent 1,5 timar i ganske roleg tempo. Mor var samd i at dette var ein fin, stutt tur i snilt terreng. Ho er ein vêrskeptiker som enno ikkje har skjønt at vêret berre er stygt for den som sit inne og ser ut. Eg verkeleg kosa >>>

Map    

Galdhøpiggen

Date:
19.08.2012

Sprekt og huggeleg turfølgje: Åsmund, Sandra, Torstein, Mari og Marwin. Ankom Visdalen laurdag kveld. Regn. Fekk fort opp telta. Vakna til eit flott vêr, klar for å kome over 2000 meter for fyrste gong. Gjekk frå Spiterstulen kring 11. Kjente meg frykteleg tung i beina, og bakkane vart bratte og særs lange for meg. Heldigvis var Marwin like sprek som alltid. Hang godt på dei andre, var oppe på 3 timar og 28 minutt, inkl. tekniske stopp og matpause. Positivt overraska over tida. Diverre tåke på toppen, men me såg at det ikkje var langt etter sola. Innslag av blå himmel, men inga utsikt. Såg mykje frå Svellnose og delvis frå Keilhaus topp. Det gjekk raskt ned att, spesielt over snøfonnene. Nede att litt over 16. Brukte til saman 5 timar og 15 minutt. Mykje folk på fjellet. Morosamt >>>

Map    

Djuptjernkampen

Date:
17.08.2012
Map    

Spåtind

Date:
16.08.2012

Torsdag kl halv eitt reiste eg, Ingrid, Jorid og Marte Stine frå Statoil i Østre, med kurs for Lenningen. Parkerte (trass advarslar om at hestar kunne ete opp bilen) ved ei grasslette kor det sto eit skilt: "Turløype Spåtind". Traska i vegen nærare kl 15. På toppen stempla me Topptrimkortet og sette oss inn i bua, då det var ganske hustri. Sjeldant utrivleg stad, men stemninga var desto betre. Kl 18:02 var me nede att ved bilen. Køyrde attende forbi dei to kafeane på Lenningen, forbi Sebu-Røssjøen og parkerte ved innkøyringa til Tronhus. Her var det ein fin teltplass. Pakka ut or bilen og sette opp teltet for kvelden. Grilla og høyrde på radio før me bada i det blikkstille vatnet. Sov godt og lengje, vakna utkvilte og klare for Djuptjørnkampen.

Map     1 comment

Megrundskampen

Date:
14.08.2012

Langt på dag bestemde eg meg for å ta ein tur til Megrundskampen. Eg og Marwin reiste difor frå huset hennar bestemor i Espedalen og til Venliseter. Kl var omtrent halv eitt då me gjekk. Kjente at eg var valdsamt stiv i lyskene etter fotballtrening, men vart fort varm oppover den slake lia/bjørkeskogen. Kom over tregrensa, kor eg nådde att to karar som skulle fiske på Megrundstjønn. Ynskte kvarandre god tur vidare. Oppe på snaufjellet gjekk eg fyrst opp på Megrundskampen, deretter bortom Nørdre Megrundskampen. Gjekk beint ned att på nordvest-sida og trefte stigen eit stykkje nede i lia. Pent, varmt stuttbuksever, god vind på toppane. Jogga nedover bjørkeskogen og var ved bilen att tjue på tre.

Map    

Middag på Bjørga

Date:
13.08.2012
Map    

Nonstjønnkampen

Date:
12.08.2012
Map    

Hærfjellet med fleire

Date:
10.08.2012

Ingrid, Jorid, Marwin og eg møttest på Statoil og køyrde saman mot Vestfjellet. Parkerte og gjekk frå Astridbekken. Besteg fyrst Hærfjellet. Her var det tre utskrivne bøker. Vidare gjekk me stien mot Nysetra, deretter opp til Rypefjellet. Rasta saman med myggen med utsikt over eit lite tjørn. Gjekk til Huletoppen og attende mot Hærfjellet. Oppom Søre Hærfjellet. Såg ikkje ei sjel i fjellet. Nærast vindstille, klårt og pent vær, noko som gjorde utsikta framifrå. Fekk prøvd den nye telefonen min, tykkjer den tok fine bilete.

Map