Halsavatnet og Nuken (30.10.2012)


Duration 24h 00min
Map
Ascents Nuken (919m) 30.10.2012

En litt annleis tur. Me vart trekt ut i grupper på to og to, eg kom saman med Danny. Me fekk i oppgåve å finne vegen til Halsavatnet. På tur opp fekk med ymse utfordringar. Med oss fekk me ein presenning og litt mat. Dagen etter skulle me gå attende over Nuken og møte resten av gruppene ved ei hytte som ligg sør-vest for Nuken. Det var mykje snø i fjellet no, men turen opp vart ein av dei sjeldent vakre. Glitrande puddersnø, kaldt og pen ettermiddagssol. Kring fire var me framme på austsida av Halsavatnet. Utfordringa var å få til eit bål. Diverre brant det berre i 20 minutt. Me hadde ikkje nokon mellomting, noko å leggje på etter bjørkenever og turrkvist og før dei relativt store og råe bjørkestokkane. Etter ei god stund med mislukka forsøk, sette me opp presenningen mot den store, flate steinveggen vår og la oss, tidleg. Til saman fekk me 14 timar med kvile/søvn. Utover natta byrja det å snø og me vakna til litt tåke og 10-15 cm nysnø, men det ordna seg og turen opp til Nuken vart fin. Dette var ei morosam oppleving! Takk for turen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.