Bånsæterkampen (06.10.2012)


Karte
Besteigungen Midtre Bånseterkampen (1.198m) 06.10.2012
Vestre Bånseterkampen (1.214m) 06.10.2012
Østre Bånseterkampen (1.202m) 06.10.2012

Vakna til ein kald, klar morgon. Sol frå skyfri himmel. Ingen tvil; bikkja inn i bilen og rett til fjells. Jorid vart med. Gjekk frå parkeringa innst i Torsdalen kring 11:30, mot Prestkampen. Frisk fjelltrekk. Opp på Vestre Bånsæterkampen. Matpause i solsteiken. Vidare over Midtre på veg bort til Østre. Lett og roleg tur. Det gjorde inntrykk å sjå rett bort på dei snødekte massiva i Rondane. Etterlengta utsikt mot Gausdal, Vestfjellet, Jotunheimen og Heidalsmuen. Verkeleg fint å kome ut saman med Jorid og Marwin att. Mykje folk og dyr i fjellet i dag, topp stemning. Gjekk ned att i skaret mellom Vestre og Midtre. Nede att ved bilen 15:30. Takk for ein fin dag!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.