Rundtur i Gausdal Vestfjell (08.08.2012)
Ascents | Dokkampen (1,122m) | 08.08.2012 |
---|---|---|
Nordre Glupan (1,072m) | 08.08.2012 | |
Søre Glupan (1,070m) | 08.08.2012 | |
Ormtjernkampen (1,128m) | 08.08.2012 | |
Snæreskampen (1,084m) | 08.08.2012 |
Turfølgje: Marte Stine, Jorid og Ingrid.
Avreise frå Statoil på Brua kl 10. Framme ved Ormtjernsætra og aldeles klare for ein dag i fjellet omkring kl 11. Gjekk inn til Storeskardet. Her stakk vi oppom Ormtjernskampen før me gjekk ned att og følgde ein fin sti opp på Dokkampen. Vidare frå her såg me oss ut ein veg bortover mot Glupan. Kom oss tørrskodd gjennom eit flatt kratt- og myrterreng, over Nordre og Søre Glupan før ferda gjekk opp på Snæreskampen kor me stempla Topptrimkorta våre. Ned att valde me stort sett stuttaste veg; omtrent rett ned gjennom bjørkeskogen (ganske bratt, måtte gå rundt ein to-tre meter høg bergvegg) og ut på Ormtjernsætervegen. Følgde denne sørover att mot Ormtjernsætra og bilen. Brukte 4 timar og 15 minutt. Hadde vakkert vêr med skiftande skydekke og sol. Omtrent vindstille på fjellet. Utsikta var rå, blant anna mot Gausdal, Espedalen, Vestfjellet med Spåtind, Jotunheimen, Rondane og Skei. Sumarens hittil beste tur og dag!
Benutzerkommentare