Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (403)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
St Pål
- Date:
- 02.04.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 3:36h
- Distance:
- 16.4km
Flott dag på Finse. Noko vind som tok seg opp utover dagen. Etter rast på Klemsbu var det plutseleg ordentleg sol, så vi gjekk oppom St Pål før vi køyrde raskaste veg nedatt 16,4 km. Dagfinn, Knut, Ellen og Dagfinn var med.
Første Rust-tur i år
- Date:
- 20.03.2022
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:45h
- Distance:
- 22.8km
Aleine på hytta. Første tur med fjellski i år. Klassisk runde: over isane til Dammen, bar skia til forbi Bratsberg, Gåsevassdalen til Skavlen, rast og så til topps. Ned via Hovdestaul og Kobborsroe. Gjevar heim. Møtte Håvard på skuter og ein hytteeigar frå Haugesund på toppen. 22,8 km. 646 hm. 4,75 timar. Gjekk aleine.
Lodalskåpa - eventyrleg dag
- Date:
- 14.05.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 14:00h
- Distance:
- 22.5km
Etter å ha bestilt og betalt guida tur til Lodalskåpa for 2,5 år sidan, klaffa det endeleg denne kristi himmelfart-helga. Vi køyrde over Strynefjellet til Loen og Lovatnet, og så nesten opp til Bødalsseter. Det låg snø dei siste 200 metrane før parkeringsplassen. Vi hadde leigd hytte av Erik Bødal, og rigga oss fint til der etter å ha gått guiden vår i møte og hjelpt han med å bere låneutstyret fram til hytta. Han fekk det eine rommet slik at vi kunne starte samla dagen etter. Dagen starta med mildt vær og lett skylag, men vermeldinga var positiv. Vi gjekk på ski med litt bare flekkar innover. Vi heldt til høgre i dalen, for der låg det mest snø, men det gjorde at vi ikkje fann ein god stad å kryssa elva, og det endte med at vi vassa over. Så kravla vi oss opp omtrent >>>
To toppar i Raulandsfjell
- Date:
- 01.05.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:09h
- Distance:
- 22.0km
Køyrde til Neset og bar skia opp til Tehytta. Brukte 35 minutt på det, og gjekk så 8 minutt til før eg tok på skia og gjekk innover til Kvikkevatnet. Der møtte eg ein eldre kar på føtene med stavar. Han gjekk med solhatt og bar overkropp! Sjølv hadde eg anorakk på. Prata no litt med han før eg heldt fram inn og opp dalen til høgre for Rundehaug. Då eg snudde meg og såg mot sør, oppdaga eg spektakulære trugande skyer på himmelen som var så blå og fin. Vêret skifta ganske riktig, så etter eg hadde spist matpakke i overskya vær inne ved det øvre Kvikkevatnet, starta det å snø lett, og sikten blei ganske dårleg. Lyset var veldig flatt, og måtte streve litt for å skjønne om bakken gjekk opp eller ned. Brukte gps-en aktivt og fann ein god trase opp til Husnuten nordfrå. >>>
Draumekveld på Grasfjøll
- Date:
- 30.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:02h
- Distance:
- 12.0km
Tok helga kl 1330 og køyrde frå Oslo om Rjukan til Skinnarbu. Hadde tenkt på Grasfjøll i vinter, den nordlegaste Seljord 100 m pf-toppen. Eg starta frå Skinnarbu kl 1700, og var på toppen kl 1800. Eit par veker sidan nokon har køyrt spor, men desse kalde nettene vi har hatt sidan påske gjorde forholda heilt fine. Eg gjekk på fjellski med kortfeller, og tok dei ikkje av når eg køyrde nedatt heller. Dei glid ganske bra, og skaren var så hard at det var greitt med litt skrubb. Dette er jo ingen spektakulær topp, men du verda så flott utsikt denne perfekte fredagskvelden på tampen av april. Såg Gaustatoppen, Robekknuten, Brattefjøll og Bossnuten frå ny vinkel, alle fjell eg har vore på og har eit forhold til. Kveldslyset var eventyrleg, og eg rasta med ansiktet mot kveldssola. >>>
Tre toppar på Lifjell
- Date:
- 11.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 5:15h
- Distance:
- 15.5km
Været endra seg litt til det verre etter vi gjorde turavtalen, Hallgrim og eg. Men det blei flott tur likevel. Køyrde til Grimås, starta kl 1000, gjekk den første bratta på beina på knallhardt underlag. Det blei aldri varmegrader, og litt sur vind var det også heile dagen, og i 1300-tida skya det litt over. Vi gjekk til Blomtjønneggin først, så til Store Tjorbutjønni og opp til Årstaultjønni. Der rasta vi. Så opp til ryggen mot Grimaren, først den høgaste austre toppen, så den eigenlege Grimaren med spektakulært utsyn. Nedturen var bratt og krevjande, men vi kom greitt ned. Hallgrim raskare enn eg. Tykkjer vekslinga mellom knallhard skare og fokksnø er krevjande. Gjekk på fjellski med kortfeller heile dagen. Fem timar og 15, 15,5 km, 779 hm. Hallgrim var med.
Tre Seljord-toppar på rad
- Date:
- 03.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 4:54h
- Distance:
- 23.0km
Køyrde til Vierli. Tom og eg gjekk saman i 4-5 km. Så skildest vi, Tom fortsatte til Silkedalen, eg gjekk nordover forbi Skardstjønn og Kroktjønn og så opp mot toppen som på kommunekartet heiter Dalstaulnuten, men som er registrert utan namn på peakbook, eller tettare nordaust for Grunntjønn. Fin topp med flott utsyn i perfekt påskevær og -føre. Skare, skyfritt, nesten ikkje vind, litt trekk på toppane må ein rekne med. Så gjekk eg sørover omtrentleg same trase, før eg heldt mot aust opp til Brurenuten, 1205. Populær topp dette og høgast i dette fjellpartiet. Mykje folk rasta i lyngen rundt toppen, eg og. Så nedatt og på skaren over til sporet mot Fjøllstaul. Vel nede fortsatte eg mot sør og opp og over Sprettedalsnutan. Lenger framme gjekk eg oppom Heidalsnuten, 1104. >>>
Påsketur til Rust
- Date:
- 01.04.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 13.3km
Klassisk Rust-tur i flott vær. Gjekk frå hytta til Dammen, så opp Bratsberg til Gåsevatn, rasta i Skavlen før vi tok toppstøtet. Nedatt gjekk vi vestover om Hovdestaul, og Erling hadde køyrd bilen vår dit, så det var deilig å køyre langs Gjevar heim. 13,3 km, 2 t og 30, 596 hm. Tom var med.
Rust i solnedgang
- Date:
- 27.03.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 13.0km
Kom opp på hytta laurdag ettermiddag for å starte påskeferien, tok ein ettermiddagstur til Rust på fjellski. Første gong eg har vore på fjellet «mitt» i solnedgang! Fint. Gjekk opp frå Gryteåi, med same veg. 13 km, 554 hm, 2 timar og 13. Gjekk aleine.
Rust på fjellski
- Date:
- 14.02.2021
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 2:57h
- Distance:
- 15.0km
Etter kald heimekontorveke på hytta, blei temperaturen til slutt ok for ein litt lengre tur. Starta ved Gryteåi i minus 14, biltermometeret viste 12 kalde då eg kom nedatt. Fine spor forbi Hovdestaul og til Fjøllstaul, så skuterspor. Var litt i tvil om rasfaren då eg kom opp under toppen, men valde å gå litt rundt toppen for å unngå dei verste bratthenga. Mange skuterar hadde køyrd overalt, og sjåførane rasta eit stykke nedanfor toppen; dei var ikkje urolege for rasfaren! Heilt stille, ok temperatur å gå i, og fin nedkøyring i kald, passe djup nysnø - i alle fall når eg kom eg ned frå dei forblåste fokkpartia øvst oppe. 15 km, 595 hm, var borte i knappe tre timar.