Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (418)
-
Skitour (113)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (80)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Vindeggen og Urdetjønnfjellet
- Datum:
- 16.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:47h
- Entfernung:
- 16,5km
Vi starta frå Vindsjådammen ca kl 1200 etter lang køyretur frå hytta i Langlim. Etter å ha sett over til Vindeggen i alle år frå Rust, hadde eg innsett at turen t/r frå Åmotsdal er for lang, og difor køyreturen om Tuddal og Bondal. Vi følgde sti til oppunder toppen, tok så høgre stig opp ein egg, og deretter dal med mykje ur innover. Var litt i tvil om kvar vi skulle gå opp på platået, men møtte eit par nett der vi stod og lurte, og dei gjorde oss merksame på svak stig oppover. Heilt greitt. Topplatået var uventa fint, slakt hellande oppover mot varden. Raud kvartsitt som venta og mange fine rasteplassar, også ein der vi fann le på denne ganske blåsande dagen. Vindeggen bar slik sett namnet sitt med rette! Vi peila oss ut ein nedfart mot vest, som er ein mykje snillare >>>
Eirefjell
- Datum:
- 19.06.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:45h
- Entfernung:
- 10,1km
Etter brynesteinbrotet og Vest-Telemark museum, fekk eg eigenleg tatt turen til Eirefjell. Overskya, stille og ca 10 grader. Regnbyger gjekk rundt om oss, men vi slapp regn heile vegen. I bilen derfrå starte det å ausregne! Bra det har vore ein tørr vår, for dette er ein ganske myrlendt trase! Vi blei våte på føtene, men ikkje krise. Flott utsikt frå toppen. Møtte ingen. 10,1 km, 3,75 time, 509 hm. Benjamin var med.
Rust i juni
- Datum:
- 18.06.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 7,0km
Rusttur med Benjamin. Første tur etter covid. Gjekk greitt. Skiftande lettskya vær, men ganske sterk vind og heller kjølig. Ca 7 km. 560 hm. 3,5 time. Benjamin var med.
Rust i novembersol
- Datum:
- 21.11.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 5,5km
Etter nesten fire veker med hoste, var eg glad for å greie turen til Rust i dag. Barfrost, klar himmel, låg novembersol. 5,5 km, 501 hm, knappe to timar. Erling og Tom var med.
Jønnardalsfjellet
- Datum:
- 20.11.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:39h
- Entfernung:
- 5,5km
Hostar på fjerde veka. Lei av å ta det med ro. Dårleg pust å snakke om opp til Jønnardalsfjellet. 5,5 km, 233 hm, 1 tome og 40. Tom var med. Grått mildvær.
Morgontur til Kongsfjellet
- Datum:
- 31.10.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:48h
- Entfernung:
- 3,3km
Tok ferga frå Fitjar til Husvik, fann ut at eg ville rekkje øytoppen på Selbjørn i tillegg til kommunetoppen. Køyrde deretter til Bekkjarvik kyrkje og tog vegen bratt opp til høgre. Der parkerte eg ved Fus Maritime barnehage (!), og gjekk vegen opp til det sherpatrapper starta. Sol med nokre regndrypp innimellom, noko som gav flott lys og regnboge. Første gong eg har sett at sherpaene har signert trinna sine. 3.26 km, 172 hm, gjekk på 49 minutt. Gjekk aleine.
Loddo
- Datum:
- 31.10.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:38h
- Entfernung:
- 8,9km
Skammar meg over forarbeid og manglande orienteringssans på denne turen. Fann parkeringa greitt, skulle berre mangle sidan den var merkt med Loddo. Det starta å ausregne i det eg parkerte, så skifta til regnbukse, før eg gjekk av garde på noko som skulle bli ein lett, rask tur, hadde eg tenkt. Gjekk grusveg opp til der det stod eit skilt til Veten, og sidan ingen av dei andre skilta sa Loddo, og sidan eg trudde at eg hadde lese at Veten var eit anna namn på Loddo, tok eg av til høgre. Gps’en oppførte seg rart, tykte eg, men slutta at den ikkje verka (! Kor dum kan ein bli!). Og så følgde og følgde eg raudmerkt stig, til eg til slutt måtte spørje meg sjølv om eg ikkje gjekk i motsett retning? Då var eg på Vardfjellet, sa gps’en, og eg måtte snu hovudet 180 grader. I staden >>>
Mehammarsåto og Fitjarhesten i vind
- Datum:
- 30.10.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:15h
- Entfernung:
- 17,5km
Etter å ha fått gode råd frå vertinna på Fitjar fjordhotell, køyrde eg til Olstjørni der det er utbygd eit vindmøllefelt, og der det som følge av det no er fine smale grusvegar med belysning (!) til alle dei 20+ vindmøllene. Vertinna sa at utbygginga ikkje hadde vore kontroversiell, og at som positivt biprodukt var no fjellet mykje meir tilgjengeleg enn før. Det var mange bilar parkerte der oppe og dessutan eit mikrobakeri som selde fersk gjærbakst kvar laurdag. Eg følgde veg i eit par kilometer forbi Kinnavatnet og Midtvatnet. Der Svartavatnet starta, måtte eg over på stig. Stigen var godt merkt med raude pinner og vardar og skilt, og orienteringa var følgeleg ikkje noko problem i dag. Men med nedbørsrekord i oktober var terrenget og stigen kjempevåt, og det var litt slitsamt >>>
Rust i oktober
- Datum:
- 09.10.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 6,5km
Gjekk frå Dammen, opp Kåbakkan til Rust i svært roleg tempo. Stille utan vind og god temperatur. Fine fargar. Rasta på toppen, gjekk bortom Dammen ved Bjønnurdveggen, så Dritarkleiv ned. 6,5 km, 3,5 time brutto, 504 hm. Tom og Kristin var med.
Morgontur frå Istjenn
- Datum:
- 05.09.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:15h
- Entfernung:
- 5,8km
Liten morgontur, først til Tempelnatten, så opp til Langås, deretter ned til frukost.