Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (404)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Kveldstur til Prestskjeggen
- Date:
- 25.06.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:27h
- Distance:
- 4.0km
På veg til Oslo i sommartrafikken ein sundag kveld, tok eg av ved Langangen og gjekk meg tur til Prestskjeggen. Artig terreng og vegetasjon, mykje barlind, vill kaprifol, bøketrær mm. Det flaug opp ein grønnspett som eg dessverre berre høyrde rett ved, men ikkje fekk tatt ein ordentleg titt på. Fann betre stig ned enn opp, som ofte er tilfellet. Plukka av meg 7 flått då eg kom heim, og to til dei neste dagane....Gjekk aleine.
Rust i juni
- Date:
- 18.06.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:32h
- Distance:
- 6.5km
Gjekk frå Dammen og opp. Lytta og titta på fugl. Såg ramn og ein rovfugl + nasse småfugl. Eit par regndropar på toppen, overskya, men passe varmt. 6,5 km, 517 hm, 2 t 36.
Eit par nutar i Vinje
- Date:
- 17.06.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:45h
- Distance:
- 8.2km
Nydeleg sommardag - 22-25 grader, deilig ned litt lufting på toppane. Gjekk frå Homvasstålan opp vegen til Kvæven. Derifrå busha eg mot sør til Steinburonuten. Brukte litt tid på å identifisere fugl. Fuglelåtappen identifiserte mange, men det var berre ein ny til lista mi som eg såg sikkert, men til gjengjeld to gonger: ringtrost!
Frå denne første toppen gjekk eg nordover, også rein bussing sjølv om eg sneie innom fleire gamle stigar på vegen. Rorgefjellet har eg vore på før for fleire år sidan, men dagens tur var betre. Litt lufting, nokre snøflekkar framleis, men mest nye irrgrønne lyngbakkar og godværshimmel. Rasta på nuten lengst aust - saman med ein ringtrost. Busha ned til Stålan. 8,16 km, 3 t 43, 514 hm. Gjekk aleine.
Andre kveldstur
- Date:
- 11.06.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:16h
- Distance:
- 4.2km
Tok ein tur til, køyrde mot Herre, og fann riktig p-lomme ved bom. Så gjekk vi oppover vegen, hadde tenkt å ta stigen til venstre etter første falleferdige hus på v side, men vi gjekk for langt pga fuglefokus, så valde i staden å gå vegen heil til endes og så følgje stig så langt den gjekk og deretter kraftgata. Men stigen gjekk heilt opp den, og ikkje nok med det, utruleg stor gammal varde der oppe. Med utsynet rett mot Frier og Stathelle er det vel rimeleg å anta at dette er ein gammal veteplass? 4,2 km, 1 t 18, 166 hm. Benjamin var med.
Kveldstur til Havsås
- Date:
- 11.06.2023
- Characteristic:
- Trip by foot
- Duration:
- 1:33h
- Distance:
- 4.0km
Nydeleg tur. Med Benjamin og to kikkerter. Går i lære om fugletitting. Så vi lytta og titta og koste oss i vakker forsommarskveld. T-merkt stig. 4 km, 1 t 35 min, 193 hm.
Hestås m to elgkalvar
- Date:
- 29.05.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:48h
- Distance:
- 1.9km
< Den tredje turen for dagen på Rørholt. Vi parkert ved kyrkjegarden og inspiserte den først; veldig fin! Vi fann ein gjengrodd stig oppover, men den forsvann fort, så vi busha oppover i ordentleg bratt terreng. Vi gjekk opp på fortoppen først og så ned i mellomsøkket, før vi begynte å forsere sjølve toppen. Først såg eg ein brun rygg som forsvann i buskene, trudde det var eit rådyr kanskje, men etter fem minutt og eit nivå høgare opp, gjekk vi rett på to nyfødde elgkalvar! Det første dyret må vel ha vore mora? Det var så vidt kalvane stod på beina, men mora var ikkje å sjå, så vi lista oss så raskt vi kunne unna. Sjølve toppunktet var eit vonbrot, ikkje så fin utsikt som vi hadde tenkt, og dessutan grusomt mykje mygg! Vi runda halve toppen for å finne ein farbar >>>
Bukktjernåsen
- Date:
- 29.05.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:24h
- Distance:
- 1.0km
Her køyrde vi rett og slett inn bomvegen - bommen var heilt gjengrodd, så vi tenkte vel at vi ikkje løp ein risiko der. Parkerte rett under toppen og busha opp, måtte klyve litt det siste platået opp. Toppen var ei stor flate med skog, vi vassa litt rundt for å treffe punktet før vi tok ein annan veg nedover - den var betre, for vi slapp å vase gjennom hogstfeltet som vi hadde forsert på vegen opp. 1 km, 81 hm. 24 min. Benjamin var med.
Eikekollen
- Date:
- 29.05.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:33h
- Distance:
- 2.0km
Første tur av tre. Benjamin og eg køyrde vegen til Rørholt, og starta med denne. Eikekollen forsvarte namnet sitt, fine eikekjerr og trær rundt heile toppen som hadde fin utsikt. 2 km, 79 hm, 37 min. Benjamin var med, og vi køyrde ganske langt opp grusvegen før vi starta å gå.
Høgenhei i konvalltida
- Date:
- 28.05.2023
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:57h
- Distance:
- 7.4km
Gjekk frå hytta i Rognstranda og følgde Flauene heil til Høgenhei. Sp ned til Kjellestad. 7,4 km, knappe 2 timar, 275 hm. Gjekk aleine.
Første kommunetopp i år blei Lammanuten
- Date:
- 19.05.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:23h
- Distance:
- 11.4km
</gallery>
Lang køyretur frå Oslo for to toppar vi mangla i Ryfylke. Men vi tok det som ferietur Anne og eg, og koste oss i Skånevik natt til fredag + besøkte Stødle på fredag føremiddag. Men etter lunsj køyrde vi til parkeringsplass ved Stølsvik, og starta å gå vegen opp langs Bordalsbekken. Lang seig motbakke som vi var sikre på eigna seg godt som motbakkedrag - for dei som driv med sånt! Vi møtte litt folk på veg nedover - sjølv hadde vi jo ikkje starta før kl 1345. Fine klopper over dei store myrane, elles heilt tørt og greitt å gå. Vi brukte 1 t 44 min opp, og rasta bak varden pga sur vind, og dessverre starta det å regne litt også. Men vi fekk då sett oss godt rundt, blant anna over til Bjørndalsnuten som vi hadde sikta oss inn på dagen etter. Vi var innstilt >>>