Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Aleine til Hvittingen

Datum:
12.11.2011

Skulle hente Tom i Holmestrand. Han hadde køyrt motorsykkelen ned til vinteropplag. EG tok av mot Sande før Hanekleivtunnelen. FAnn den vesle vegen mot høgre etter ca ein k. Vakker kulturlandskap med beitemark. Tulla litt og køyrde gjennom eit gardstun og ein søyleveg før eg kom inn på den rette vegen. Der parkerte eg framfor bommen i bomvegen. Risikabelt om det hadde kome nokon! Men gjekk på så raskt eg kunne med hunden på slep, fem plussgrader og vått, men ikkje nedbør eller tåke. Fint vatn som eg gjekk forbi før det blei brattare veg opp mot tårnet. Sprang på fjellstøvlar mesteparten av vegen ned. Brukte ein dryg time. Strevde med å snu bilen. Så til Holmestrand for å plukke opp Tom, litt for seint etter avtala. Uncas var med.

Karte    

Vått i terrenget

Datum:
30.10.2011

På veg frå hytta stoppa vi denne gongen på Hokksund, og skjønt etter éin bom at vi skulle følgje skilt til Skotselv, og etter å ha kome til Burud, køyrde vi litt langt, skjønte ikkje at vi skulle ta av til skytebane og Myre. (Vi hadde altså ikkje kart med.) Men derifrå gjekk det greitt, vi køyrde til vi kom til skiltet med Rakkestadsetra, og rett før vi kom til slutten av vegen spurde vi ein elgjegar som sa at jo - dette blei riktig, men det er ein betre stig frå Midtstua. Vi hadde sett vegen ta av dit lenger nede i dalen ved ei bru. Men gjort var gjort, og vi følgde traktorvegen til den stansa, heldt mot venstre over bekk og myr, drog etter kvart opp ein mørk granli, og vel oppe trefte vi på blåmerkt stig - truleg den frå Mitdstua. Kom til Hoggtjern - nudeleg i låg ettermiddagsol. >>>

Karte    

FIre i gråvêr

Datum:
23.10.2011
Karte    

Kald og klar tur

Datum:
16.10.2011

Hadde ærend på Gardermoen og la dette til denne sundagen som hadde føott værmelding. Slik kombinerte vi med ny kommunetopp. Tom var motivert av at det var fylkestopp, har erklært at fylkestoppane blir han i alle fall med på - ikkje så farleg med dei 411 andre kommunetoppane. Køyrde langs Hurdalssjøen, masse tåke/alvedans i nordlige enden, men den køyrde vi gjennom og ut av etter å ha svingt av ved kjerka mot brandbu, og så Fjellsjøkampen/Gjødingseter. Berre ein annan bil på parkeringsplassen etter bommen klokka 1200. fann lett stigen og gjekk greitt opp på god og stort sett tørr stig. Markert for høgdemeter både på 600 og 700. Ein stad mellom 600 og 700 såg vi den første snøen som må ha lege sidan sist helg. Uventa. ved varden var det flott utsyn, og hundeglam frå >>>

Karte    

Blank haustettermiddag

Datum:
09.10.2011

øyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Karte    

Kveldstur i klart vêr

Datum:
08.10.2011

Køyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Karte    

Fagerliheii

Datum:
08.10.2011
Karte    

Kveldstur til Tårnåsen

Datum:
04.10.2011
Karte    

Tur for to

Datum:
25.09.2011

Sundagstur med utgangspunkt i Oslo. Henta Kathrine på vegen som var noko kjend på Hurum - eg hadde aldri vore der før - så på tide ville noko seie? Nydeleg septembersol då vi køyrde bilen ut langs vatnetpå vestsida av Hurumlandet. Gjekk frå parkeringsplassen etter Sem, følgde blåmerka stig opp til toppen. Stigen var våt sjølv om siste veka har vore ganske tørr, men to-tre månader med nedbør gjer vel sitt. Som å gå i bekk mange stader. Toppen var fin. Ikkje heilt klart - ein kystallklar septemberdag ville ha vore ideelt. Litt disig i dag - men vi så da fjord i mange retningar, og for første gong Hurum frå "lufta". Etter lang koserast, bar det ned att. Vi glei og datt over ende ein gong kvar på nedturen - utan å få men av det. Kathrine var altså med.

Karte    

Bøs høgaste i grisevêr

Datum:
18.09.2011

Tur med Skien og Telemark turistforening. Vi møtte ei gruppe med fire andre ved kommunehuset i BØ, og dermed måtte det bli noko av turen som nok hadde blitt avlyst om vi ikkje hadde kome. Køyrde bomveg til Limarka og Røksbu. Derifrå gjekk vi til Smylistul, opp lia ganske bratt til Langetjønn, så opp langs bekken til Åstul, og deretter vest over bekken opp til toppen. Vi fekk tåke og sterk vind etter Åstul, regn hadde vi heile tida. Vi kom opp frå sudsida, men gjekk ned nordaustsida. Kom til vatna Småholmen og Holmen (rare vassnamn). Turleiar hadde nøkkel til fiskarlaget si hytte, og det var bra for vi var gjennomvåte og kalde sjølv i goretex-klær. Det blei fyra og vi fekk tørka klær, ete niste og hadde lang hyggjeleg praterast. Nedturen var betre, nesten ikkje regn, men meir >>>

Karte