Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Reistadåsen på veg heim til Oslo

Date:
21.06.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
0:54h
Distance:
3.3km

På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.

Map    

Rust

Date:
14.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
5.9km

Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.

Map    

Furufjell

Date:
13.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:42h
Distance:
4.1km

Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.

Map    

På beina til Rust

Date:
31.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:32h
Distance:
5.2km

Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.

Map    

Furufjell

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
3.9km

Gjekk på beina med nokre snødekt innimellom. Låg lenge i lyngen på toppen. 3,9 km, 1 t og 51 min. 306 hm. Tom var med.

Map    

Blank føremiddag til Tysnessåto

Date:
29.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
4.2km

Herleg tur opp frå Myrdal. Ikkje ei sky, heller ikkje vind. Konsentrert stigning, over 500 hm på 2 km! Gjekk nok ein liten snarveg oppover, nedover var det lettare å sjå stigen, opp så eg rett ned i bakken. Brukte 1 time opp. På toppen møtte eg eit hyggjeleg lokalt par som etter å ha fått ungane i barnehage og skole, hadde inntatt frokosten på toppen. Havet som ein spegel, kvite snøfjell inn mot landet, kjende att Svenningen frå i fjor, Tveitakvitingen frå i går og sjølvsagt Folgefonna. Var på toppen i ein dryg halvtime, og brukte ein knapp time nedatt. Møtte til saman fem turgåarar på veg opp. 4,2 km, 545 hm, 2,5 time inkludert pausen. Gjekk aleine.

Map    

Draumeforhold til Tveitakvitingen

Date:
28.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
6:30h
Distance:
21.0km

Denne turen har eg tenkt på i nokre år, og no klaffa det med fridagar og vêr. Fekk også koordinert litt med kusine Kari, så eg overnatta med selskap på campingplass i Norheimsund, debut i campingvogn! Felles frukost og så køyrde vi til Kvamskogen. Takk til Laskemoen for info om startstad, men pga bom, måtte vi starte heilt nede ved bilvegen, og tusle oppover. Kari skulle berre halde følge så lenge ho kunne gå på beina, og det kunne ho heilt til Mødalssetra. Nydeleg stad! Eg sette på skia ca 500 meter før det, og kunne kanskje gjort det enda lenger ned om eg hadde vore budd på å ta skia av og på. Det var eg ikkje, så eg gjekk på skia frå brua over bekken før den bratte bakken oppover mot setra. Sol, ikke vind, passe temperatur. Sugande føre med slush. Om det er noko som >>>

Map    

Østre Kista

Date:
27.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:42h
Distance:
9.4km

Køyrde frå hytta til Haukeliseter. Vind, fire grader, skiftande skydekke. Gjekk på bløtt føre, litt uroleg for varselet om sørperas og skredfare 2. Men runden til høgre opp til Østre Kista gjekk fint. Av og til yr, då sol, og på toppen litt snø og ganske mykje vind. Niste på nordsida av varden der det var le. Same vegen nedatt, for eg var usikker på kor bratt den austlege traseen vill vere. Møtte ingen. 9,4 km med ein liten idiotkilometer. 2 t og 42 inkludert pause. 455 hm. Gjekk aleine.

Map    

Kveldstur til Vettakollen

Date:
25.05.2020
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
2:00h
Distance:
8.5km

Fin kveldstur til Vettakollen med Tom. Det kjendest som den første sommardagen. 8,5 km, 272 hm, knappe 2 timar. Tom var med.

Map    

Brennåsen i litt sol, litt regn

Date:
24.05.2020
Duration:
0:48h
Distance:
3.3km

Køyrde til topps i Trollkleiva og gjekk raskt opp på fin stig. Titta bortom fin utsiktsplass nede ved myra. Då tok det til å regne, så vi snudde i staden for å gå bortom Blåfjellhytta som vi hadde tenkt. 3,2 km, 49 minutt, 122 hm. Tom var med.

Map