Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Oftefjell i tynt snødekke

Dato:
21.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,8km

Etter seminar på Eidsborg køyrde eg til Høydalsmo og skifta til turtøy. Skilt som markerte stigstart bak butikken og god stig heilt til topps. Lett snø i lufta og kvitt på bakken, i alle fall i stigen. Trådde litt forsiktig, for det var frosne parti under isen, men turen gjekk greit utan uhell. Høgdemetrane kom ganske tett, og eg gjekk på for å presse meg litt (skal ikke stort til). Det flaug opp ein storfugl halvvegs oppe. På toppen bles det friskt, men det hadde slutta å snø. Må vere eit nydeleg toppunkt i fint vær! 4,75 km, 358 hm, 1 t og 30 minutt opp og ned. Gjekk aleine.

Kart    

Eggestøylnuten blei topp to i dag

Dato:
21.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
1,9km

Etter Oftefjell som gjekk raskare enn eg hadde tenkt, så eg at eg rakk ein tur til, og Eggestøylnuten såg overkomeleg ut. Siroho hadde gått fra nord, men eg tenkte å prøve fra sør, trudde kanskje det ville vere enda kortare og færre høgdemeter. Det var det nok. Køyrde til Midtgarden og tok av til venstre rett etter. Parkerte der eg såg ei lomme. Eg skulle køyrd høgare opp, det hadde gjort turen enda lettare. Sporet mitt viser heimturen då eg følgde spor av stig, dette er nok ruta eg burde ha gått opp også. Ingenting spesielt å melde elles, skogstopp utan markering og utsikt, men no er den unnagjort! 1,85 km, 102 hm, 39 minutt. Stadig aleine.

Kart    

Vettakollen i kaldt solskin

Dato:
19.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
8,5km

Gjekk heimefrå til Ankervegen, så opp til Bånntjern, deretter utsikten på Vettakollen og sjølve toppunktet med gul bolt. Gjekk til Fuglemyrhytta der dnt arrangerte dugnad. Kjende meg litt dum med dnt-panneband på - der eg berre sat og åt eit eple! Flinke arbeidsame folk sjaua rundt meg. Så gjekk eg til Frognersetra, tok kaffepause før eg tok trikken heim. 8,5 km, 430 hm, 2 timar brukt. Gjekk aleine.

Kart    

Svarthaugen i snø og søyle

Dato:
14.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
5,4km

Parkerte ved Trøan. Følgde god stig oppover. Veldig mykje søyle og etterkvart snø og is. Surt på toppen, men suveren utsikt. Vinter i fjellet i Oppdal no. To av oss gjekk feil på vegen nedatt, følgde eit gjerde for lenge. 5,4 km, 305 hm, 1 t 45 netto. Mari, Marit og Astrid var med.

Kart    

Rust i kaldt, flott oktobervær

Dato:
07.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
5,2km

Køyrde til Dammen. Gjekk svært roleg opp med Kristin. På toppen venta Erling, Anniken og Inger. Felles rast, så ned igjen. 5,2 km, 3 t og 14 brutto, 487 hm.

Kart    

Ny tur til Vettakollen

Dato:
04.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
7,0km

Liten roleg tur med Reidun. Køyrde til trafoen og gjekk derifrå. 7 km blei det, 230 hm, brukte 2 timar.

Kart    

Andre for dagen - Ballangrudsæterhøgda

Dato:
03.10.2023
Turlengde:
0:45t
Distanse:
3,0km

Køyrde frå Brovoll til bommen ved Volla. Der møtte eg ein mann som dreiv på med bommen og han tilbaud meg å køyre meg til stigstart oppe ved Volla. Hyggjeleg, eg hadde tatt av på stig nede ved bommen etter å ha konsultert ut-kartet. Men stigen oppe frå Volla var super og gjekk rett til topps. Tårnet stod i tett granskog, skuffande for ein så høg topp i Marka. Men på vegen oppover var det supert utsyn mot Hadelandsbygdene. 3,06 km, 47 min, 95 hm.

Kart    

Tur frå Brovoll - første for dagen

Dato:
03.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
4,3km

Fin vermelding og topp motivasjon for å kome i gang med topprosjektet igjen. Gjekk opp til tunnelltaket på vegen til venstre for motorvegen. Busha så rett opp til toppunktet som låg i ganske tett granskog. Nedatt, men tok høgresida av motorvegen tilbake til bilen.

Kart    

Tredje for dagen- Grasdalskollen

Dato:
03.10.2023
Turlengde:
1:29t
Distanse:
4,3km

Køyrde til Kalvedalen langs Ølja. Parkerte og gjekk opp til Roensæter. Veldig fin plass, skiltet sa at staden var busett på 1600-talet. Frå sætra busha eg rett opp mot toppen. Spor av stigar innimellom, kanskje primært brukt av elg? Fann bolten i berget på toppen, tredje topp utan utsyn i dag. 1 t 29 min, 4,3 km, 177 hm. Gjekk tre småturar aleine i dag.

Kart    

Vettakollen

Dato:
02.10.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:53t
Distanse:
8,7km

Gjekk heimefrå, overskya då eg starta, flott sol innan eg var oppe. Fleire blide trimmarar ute denne føremiddagen. Dette var min første tur som pensjonist, og den lengste og brattaste turen eg har tatt etter sjukehusopphald og rekonvalesens. 8,7 km, 268 hm, var borte 1 t og 53 min. Fin tur heimefrå.