Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Storgrovhøe og Storgrovtind

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:00h
Distance:
13.0km

Kart: klikk her Flott tur i nydeleg vêr med Pappa og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe . Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode >>>

Map    

Semmelholstind

Date:
24.08.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
9:45h
Distance:
18.5km

Eit triveleg turfølge med Pappa, Knut Tønnes og Hans Morten la i veg mot Visbrean litt før 9. Visbrean har endra seg mykje dei siste åra, og har blitt meir utfordrande. For det fyrste er innsteget nå langt under moreneryggen på vestsida av breen, og ein må forsere laus og bratt morene for å komme inn til brekanten. Og brefallet midt på breen er såpass oppsprukket at det vart litt sikk-sakk før vi kom oss gjennom. Vel over breen var det skiftande vêr og utsikt oppover, men vi fekk litt utsikt når vi kom til topps. På tur nedover vart det ei ekstra runde på breen før vi sikta oss inn på ein betre middag på Leirvassbu.

Map    

Bukkeholstindane - Søre, Midtre, Store

Date:
15.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:30h
Distance:
22.9km

Dette var ei flott runde på Bukkeholstindane med mange timar på passe kvasse eggar over 2000 meter.

Map    

Rauddalstindane

Date:
03.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:19h
Distance:
27.1km

Flott rundtur med Pappa. Sykkel til Gravdalen. Vading over elva. Greit opp til Vestre og vidare til Store. Mykje løs ur ned frå Store og ingen snørenner å skli på på grunn av ekstremt lite snø i fjellet. Veldig lett terreng ut Simledalen.

Map    

Glittertind

Date:
13.07.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
8:10h
Distance:
12.9km

Årets fjellhytte-famile-tur med overnatting på Glitterheim. Fin tur opp til Tinden. Bra vêr og god utsikt på toppen. Hysterisk morsom nedkjøring på akebrett. Takk til Glitterheim for minnerikt opphald som vanleg!

Map    

Visbreatind og Sørvestre Urdadalstinder

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
12:00h
Distance:
20.1km

Flott rundtur med Andrea. Etter at vi nådde toppen av Visbreatinden var dagen enda ung, og vi bestemte oss for å avlegge eit besøk til dei Sørvestre Urdadalstinder. Vi tok oss relativt greit ned til den sørlege delen av Visbrean - delvis på snørenner. Så kryssa vi over sprekkfri bre og vidare opp på Sørvestre. Retur via Langvatnet. På Leirvassbu vart det litt snacks og kortspel før vi returnerte til bygda.

Map    

Tverrbytthornet

Date:
09.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:45h
Distance:
46.0km

Vi overnatta i telt ved Leirvantnet, og traske innover Kyrkjeglupen i fint vêr. Ved Troget tok vi av stien og sikta oss oppover mot toppen. Det var spredt varding, men vi endte opp med å finne vår eigen veg oppover steinurda. Mykje laust, men greitt å gå. Vi kom opp på eggen litt vest for Tverrbytthornet, og satte att sekkane der. Lettgått til topps, men no hadde utsikta forsvunnet i tåka. Så gjekk vi attende og vidare vestover eggen mot Vestre. Det vart etter kvart smalt og litt utfordrande. Det var fleire punkt med litt kliving og litt balansering før vi nådde Vestre. Denne toppen var som ei stor flat blokk, og Andrea nytte høvet til litt turning. Retur same veg!

Map    

Spiterhøe

Date:
01.08.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:00h
Distance:
17.7km

På tur med Mamma, Pappa og Petter frå Spiterstulen. Oppe ved Leirgrove eit stykke snudde Pappa og Petter, mens eg og Mamma fortsatte mot toppen. Etter litt feilnavigasjon nådde vi Spiterhøe!

Map    

Nubberunda

Date:
03.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:52h
Distance:
14.0km

Etter ein lang tur og hyggeleg kveld på Glitterheim laurdag, var planen å besøke Aust-/Stornubben på tur utover Veodalen. Vi parkerte bilane ved Storkroken. Vi traska oppover i lettgått terreng. Etter kvart gjekk vegetasjonen over til steinrøys og vi kom opp til Austnubben utan stor dramatikk. Inge traska ned att, medan Knut Tønnes, Peder og Andrea fortsatte fyrst til "Aust for Austnubben", og deretter til Stornubben. Sant og si er vel denne turen finast på snørikt vinterføre, men alt i alt ein veldig fin dag til fjells!

Map    

Glittertindrunda

Date:
02.10.2017
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:35h
Distance:
21.4km

Gode kollegaer/eks-kollegaer på helgetur til Glitterheim denne helga: Peder, Inge, Karl, Knut. Med på lasset var også Andrea. Laurdag var målet fyrst og fremst Ryggjehøe. Vêret viste seg frå si beste side, og det gjekk greitt oppover mot toppen. Vi fortsatte over vidare ned på vestsida. Karl og Inge bestemte seg for å returnere til Glitterheim via Skautflya, medan Peder, Knut og Andrea sikta seg inn på Glitter-Rundhø. Vi ville også innom Vestre Glittertindoksle, som ingen av oss hadde besøkt tidlegare. Flott utsikt til nordveggen på Tind frå her. Returen gjekk via Glittertind, som for anledningen hadde fått rikeleg påfyll nysnø. Vi fekk flott kveldsol på toppen, og turen nedover gjekk i full fart på rumperacer. Avslutta dagen med triveleg kveld på Glitterheim.

Map