Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (19)
- Backcountry skiing (6)
- Randonnée/Telemark (13)
-
Trip by foot (28)
- Hillwalk (24)
Peakbook-Friends
Tverrbytthornet
- Date:
- 09.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:45h
- Distance:
- 46.0km
Vi overnatta i telt ved Leirvantnet, og traske innover Kyrkjeglupen i fint vêr. Ved Troget tok vi av stien og sikta oss oppover mot toppen. Det var spredt varding, men vi endte opp med å finne vår eigen veg oppover steinurda. Mykje laust, men greitt å gå. Vi kom opp på eggen litt vest for Tverrbytthornet, og satte att sekkane der. Lettgått til topps, men no hadde utsikta forsvunnet i tåka. Så gjekk vi attende og vidare vestover eggen mot Vestre. Det vart etter kvart smalt og litt utfordrande. Det var fleire punkt med litt kliving og litt balansering før vi nådde Vestre. Denne toppen var som ei stor flat blokk, og Andrea nytte høvet til litt turning.
Retur same veg!
Spiterhøe
- Date:
- 01.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 11:00h
- Distance:
- 17.7km
På tur med Mamma, Pappa og Petter frå Spiterstulen. Oppe ved Leirgrove eit stykke snudde Pappa og Petter, mens eg og Mamma fortsatte mot toppen. Etter litt feilnavigasjon nådde vi Spiterhøe!
Loftet
- Date:
- 27.05.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 13.1km
Flott vårskitur med Andrea og Unn Kristin. Måtte bere skiene oppover Langranden eit stykke, men bra føre trass i at kalenderen viser 27. mai.
Steindalsnosi
- Date:
- 19.05.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 6:15h
- Distance:
- 9.7km
Flott tur til Steindalsnosi med Andrea. Litt hardt oppover det brattaste partiet opp mot toppen, og måtte ta av skiene her. Men ikkje behov for stegjern. Fantastisk utsikt frå toppen mot Hurrungane. Fin kjøring ned att. Kom oss så og si heilt ned til vegen.
Nordre-/Vestre Bukkeholstindane
- Date:
- 14.04.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 9:48h
- Distance:
- 26.7km
Veslfjelltinden og Bakarste Skagsnebb
- Date:
- 30.03.2018
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 9:48h
- Distance:
- 18.2km
Påsketur rundt Hurrbrean med Iver og Andrea. Det var relativt kaldt når vi starta frå Geitsetra, men fekk kjapt varmen oppover. Dette var randonè-debut for meg og Andrea, så vi var litt spente på utstyret. Vel oppe på Veslfjelltind var både vêr og utsikt i toppklasse. Litt spontant bestemte vi oss for å legge returen om Bakarste Skagsnebb. Kom greit opp til skaret vest for denne - fantastisk utsikt her! Vi tok på stegjern i skaret, og dei kom godt med i eit lite bratt parti før vi kom opp på sjøve ryggen. Vidare lett til topps! Nedover att fekk vi testa køyreegenskapa til randonèskia, og det gav verkeleg meirsmak. Takk til Iver for triveleg turfølge!