Storgrovhøe og Storgrovtind (31.07.2020)
Start point | Ytterdalssætre, Leirdalen (900m) |
---|---|
Endpoint | Ytterdalssætre, Leirdalen (900m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 10h 00min |
Distance | 13.0km |
Vertical meters | 1,430m |
GPS |
Ascents | Bakarste Storgrovhøe (2,259m) | 31.07.2020 |
---|---|---|
Fremste Storgrovhøe (2,253m) | 31.07.2020 | |
Storgrovtinden (2,229m) | 31.07.2020 |
Kart: klikk her
Flott tur i nydeleg vêr med Pappa og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe.
Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode ville vente her og lade opp til nedfarten, medan far og datter kleiv nedover ryggen retning Storgrovtinden. Det var greit å komme seg nedover ryggen til ein siste hammer før skaret. Det hang rapellslynger rundt to forskjellige blokker på oversida av hammeren, og vi tok fram tau/seler og klatra ned til skaret. Gode tak, men noko utsett, så fint å ha sikring ned denne hammaren. Vi lot tauet henge att her til topptausikring på returen.
Vidare bortover ryggen var det eit flatt parti før eggen reiste seg smal og bratt mot Storgrovtinden. Litt småklyving i starten, men det gjekk overraskande greit til topps.
Vel attende til Bakarste satt Frode og kosa seg i solsteiken, og han hadde sett oss heile vegen på ryggen unntatt når vi sikra ned til skaret.
Returnen gjekk same vegen, og vi fekk god nytte av snøfonnene nedover. Vi var litt spente på om vannstanden til Heimre Illåe hadde auka i løpet av dagen, men det var like uproblematisk å krysse på returen. Nede ved Ytterdalssætre viste klokka at vi hadde vore ute i over 10 timar i det fantastiske vêret.
User comments