Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse (30.05.2020)
Start point | Krossbu (1,267m) |
---|---|
Endpoint | Krossbu (1,267m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Duration | 9h 49min |
Distance | 15.9km |
Vertical meters | 1,085m |
GPS |
Ascents | Skeie (2,118m) | 30.05.2020 |
---|---|---|
Vestre Skeie (2,113m) | 30.05.2020 | |
Sokse Ø1 (2,092m) | 30.05.2020 | |
Sokse Ø2 (2,063m) | 30.05.2020 |
Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre.
Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene.
Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre ned. Vi bestemte oss for å gå over til Storbrean og oppom dei to østre toppane til Sokse, som ligg på ryggen utover til Geite. Medan det var hundrevis over folk over Leirbrean, var vi dei to einaste som besøkte Sokse Ø1 og Ø2 denne dagen. Flott utsikt mot Storebjørn, og nedkøyringa frå Ø1 vart dagens beste!
User comments