Vestre Tverrbotntind (04.09.2016)  6


Startsted Storflye, Leirdalen (1330moh)
Sluttsted Storflye, Leirdalen (1330moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 7t 10min
Distanse 12,5km
Høydemeter 1006m
GPS
Bestigninger Tverrbottinden V1 (2113moh) 04.09.2016
Vest for Tverrbottinden V1 (2110moh) 04.09.2016

Etter at dårleg vêr sette ein stoppar for Visbreatind laurdag, såg det langt betre ut søndag. Dagens turmål vart Vestre Tverrbotntind, og vi pakka med oss litt klatreutstyr for å vere førebudd på bratte utfordringar. Mykje steinrøys opp Leirløyfte, men alle nådde toppen vest for V1.
Vidare traverserte vi på sørsida av ryggen til vi stod under lågaste punktet på ryggen mellom dei to toppane. Frå her sikra vi 1/3 taulengde heilt opp på ryggen. Mange ville nok gått usikra på tørt føre, men for oss var det fornuftig med tau. Frå der var det luftig, men greit til topps.
Alt i alt ein spennande tur med litt luftige innslag.

Soloppgang ved Leirvatnet
Soloppgang ved Leirvatnet
Morgonstemning ved teltplassen ved Leirvatnet med Kyrkja i bakgrunnen
Morgonstemning ved teltplassen ved Leirvatnet med Kyrkja i bakgrunnen
Avgang i strålande vêr fra Leirdalen
Avgang i strålande vêr fra Leirdalen
Med kurs for Leirløyfte
Med kurs for Leirløyfte
Fin utsikt vestover på turen oppover. Her mot Stetind og Storebjørn
Fin utsikt vestover på turen oppover. Her mot Stetind og Storebjørn
Karl i fint driv oppover steinrøyse
Karl i fint driv oppover steinrøyse
Mykje steinrøys oppover Leirløyfte
Mykje steinrøys oppover Leirløyfte
Karl har nådd Vest for V1, og tek seg ein velfortent kvil og nyt utsikta
Karl har nådd Vest for V1, og tek seg ein velfortent kvil og nyt utsikta
Andrea på toppen Vest for V1
Andrea på toppen Vest for V1
Inge på toppen Vest for V1
Inge på toppen Vest for V1
Her ser ein sydsida av Tverrbotntind og ruta bortover til "Sydrenna"
Her ser ein sydsida av Tverrbotntind og ruta bortover til "Sydrenna"
Andrea ved foten av oppgangen mot skaret mellom V1 og Vest for V1
Andrea ved foten av oppgangen mot skaret mellom V1 og Vest for V1
Standplass i skaret mellom V1 og vest for V1
Standplass i skaret mellom V1 og vest for V1
Andrea på toppen av V1
Andrea på toppen av V1
Peder og Andrea på toppen av V1
Peder og Andrea på toppen av V1

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.