Ingrid Espelid på Hornaksla (29.06.2024)


Trondheim kunne stille med knallblå himmel då bilen begynte å rulle i retning vestlandet laurdags morgon. På vegen stoppa vi i Oppdal for å kjøpe solkrem, klatreførar for Sunnmøre og ein (tidleg) varm lunsj på Coop Mega. I følgje Yr skulle det regne i Luster dei neste dagane. I Åndalsnes var det derimot lova sol. Dagens prosjekt vart Ingrid Espelid på Hornaksla.

Anmarsjen var av den svært korte og behagelege sorten. Eg var godt nøgd medå starte i den skarpe enden då pollenstøvet samla seg rundt oss. Vel ti meter oppe i veggen kunne eg ikkje lenger høyre snufsinga til Ola over lydane frå E136 og Rauma.

Første taulengde (5) baud på velsikra start og morosam klatring. Ola leia opp neste taulengde uten store vanskar. Han meinte det ville vore ulempe med tjukkare underarmar i cruxet. Siste taulengd var av like godt kvalitet som dei to andre. Godt fornøgde tok vi turen ned att Ingrid-Espelid-rampa.

Ola falt pladask for Åndalsnes sentrum; innan to timar hadde han fått tak i 3 stk DMM offset-kilar (deriblant berømte #7) på 40 % avslag, pizza ved Piccola Mama Rosa og ein pils.

Siste del av åttandedelsfinalen Danmark-Tyskland såg eg i TV-stova til Mjelva Camping saman med ni tyske turistar. Koselig, på tross av at vi ikkje heia på same lag. Forøvrig vil vi absolutt anbefale campingplassen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.