Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Siste i Sogn og Fjordane

Date:
06.09.2015

Då var alle kommunetoppane i S og Fj i boks. Flott tur i lag med kjekke turfolk, Arnt Flatmo, Anne Rudsengen, Aleksander minstemann med kompis Truls. Skodda logg tjukk då vi gjekk frå sætra, men vi håpa den skulle lette etterkvart. Ein del snø etter bratta, og ein bratt snøbakke, før vi kunne rusle inn på toppen. Den gode sikten kom aldri, men stille og fint likevel.

Map    

Dagens 2.

Date:
30.08.2015
Map    

Vått !!

Date:
30.08.2015
Map    

Enda ein fot/skitur

Date:
24.08.2015

Starta i Åskora, og etter mykje tvil tok vi skia med. Angra ikkje på det, sjølv om det vart 3 timar med bering. Skremte opp to hjortar, som vi kunne følge med auga ei lang stund. Tok på skia på 960 moh, og hadde ein flott skitur opp og ned herfrå. Fantastisk oppe på breen i dag, i det flotte veret. Utsikt mot Sunnmøre, Gjegnen, Snønipa, Jostedalsbreen, og mykje meir. Totalt 7,5 t på tur, total oppstigning 1425m. To GPS-ar viste hhv 1365 og 1369 moh, så breen har no minka litt, sjølv om den lange målestanga berre var ein knapp meter over snøen.

Map    

Siste skitur i år?

Date:
08.08.2015

Overnatta på Jashaugbu (Vik Turlag). Regn og skodde på morningen, men letta etter kvart. Tok på skia like ved hytta, men dei måtte av eit par gonger den første kilometeren. Gjekk nesten til Langfonnvatnet, før vi tok av nordover. Kryssa oppover mellom berghamrane, før vi kom inn på breen. Nesten oppe, la skodda seg rundt toppen. Til tross for dårlege batteri på gps`en, konstaterte vi at toppen var nådd. Regn og surt akkurat der, så det var berre å returnere, for så å konstatere at sola kom tilbake på toppen. Fint renn tilbake til hytta. 3 t opp, 2,5 tilbake.

Map     3 comments

Skitur i juli

Date:
09.07.2015

Starta ved Frudalstunnellen, og gikk inn Frudalen. Måtteb bere skia det meste av dalen, men kunne ta dei på litt før Frudalsbotn. Bratt oppstigning mot Frudalsvatnet, og litt utfordring ved overgang frå snø til bar mark øverst i skardet. Tok rast ved ei flott hytte på høgda øst for vatnet. Gikk så overvatnet, og bratt opp på vestsida. Heretter og oppover vart det stadig mindre bratt. Til slutt litt ned og opp før vi stod på toppen. Raskt nedigjen frå Skjerdingane, til skia måtte av. Ved bilen etter 7,5 t.

Map    

Med Bergen Turlag på Folgefonna.

Date:
01.05.2015

Folgefonna Sommarskisenter opna på fredag, så då var det berre å ta drosje opp dit, på 1200 moh. Starta opp trasèen som går opp til ca 1450 moh. Strålande vær, og nydeleg føre der vi traska oppover mot det som ikkje vart høgste punktet på Nordre Fonna. Gjekk glipp av ein kommunetopp der. 600 m nedkøyring, før ny stigning opp til Fonnabu på 1449 moh, 10,5 t på tur. Lørdag tur tvers over breen, med passering av Kvinnherad sitt høgste punkt. Flott utsikt i det nydelege veiret. Etter å ha døsa i 1,5 t i sola på ein knaus, gjekk turen tilbake til Fonnabu. Søndag gjekk turen mot Rosendal, etter å ha vore innom etne sitt høgaste punkt. Lang tur på 27 km, og rundt 2000 m unnabakke, så det vart nye 10 t før bilen venta. Ei uforgløymeleg helg, med perfekt veir og skiføre.

Map    

Fint på Hallingnatten

Date:
21.03.2015

På vei til Gardermoen blei det tid til ein avstkker til kommunetoppen i Nes. Tok av på bromma, og kørde opp til Flatvollen. Litt nysnø fra dage før, og flotte forhold. Den oppkørte løypa varte berre opp første stigninga, men greie spor vidare. Over nokre høgdedrag, og ned til reinsjøen. Langs denne var det oppkørt løype igjen, så kanskje kunne turen vore gjort litt kortare. Men på ein slik dag gjer vel det ingen ting. Vindstille, blå himmel og flott utsikt frå toppen. Mykje folk oppe, men dei fleste frå andre kanten. Ca 3 mil tur-retur, og 5 timar på tur.

Map    

Fin tur til Gyranfisen

Date:
08.03.2015

Køyrde oppover til Vikerkoia, på ei blanding av blank is og vårløysing, der grusen var framme. Flølgde løypa frå Vikerkoia til Storesteinen. Fine spor i varmen, men trått føre i unnabakkane. Greit opp mot toppen, men godt med vind.

Map     1 comment