Archiv - Nach Datum

Gesammelte Listen

Storlifjella og Mellomfjella

Datum:
10.08.2020
Tourlänge:
9:48h
Entfernung:
52,6km

Kaffe og havregryn til frukost medan sola fann vegen over Gjevilvasskammane. Ein kjølig morgon etter klårversnatta, men likevel ingen tvil om at dagens uniform skulle bli stuttbrok og korterma, for det var ikkje ein sky å sjå. Starta dagen med å svinge nedom Vassendsetra, sidan eg ikkje hadde vore der før. Eit telt og nokre sauer hadde innteke setervollen med flott utsikt mot Gjevilvatnet. Kvikksølvet på veggen viste fire grader i sju-tida - strålande forhold for korterma! Vidare oppover Hyttdalen og etterkvart til Hovmannshytten. Herifrå gjekk det slag i slag med Storlifjell av ymse utgavar. Hadde håpa på meir lettløpt terreng, men timane gjekk med til å forsere steinur i staden. Utsikta var det likevel ikkje noko å seie på, med nye og litt uvante vinklar til majestetiske Snota >>>

Karte    

Bårdsgardskammen

Datum:
09.08.2020
Tourlänge:
2:15h
Entfernung:
8,4km

Ein innhaldsrik transportetappe opp til Måssåhaugen for å slå leir for natta og posisjonere seg for morgondagen. La att storsekken ved stiskillet og svinga oppom Bårdsgardskammen på vegen - deretter langs stien mot Vassendsetra før eg tok av over myrene mot kveldens teltplass. Ganske så plutseleg dukka ein hjort opp berre 20-30 meter frå meg. Vi stod og kika litt på kvarandre før vi begge fann ut at det var på tide å gå kvar til sitt. Rakk aldri å få opp kameraet før det var for seint. Med det same hjorten forsvann la eg merke til at eg stod midt i eit oransje hav - ei moltemyr der det bugna av modne bær. Bruka litt tid her for å plukke med meg kveldens dessert. Deretter var det tid for å få opp teltet. Tomt med utsikt til Gjevilvatnet treng ikkje vere så dyrt!

Karte    

Hyttdalskammen

Datum:
09.08.2020
Tourlänge:
1:55h
Entfernung:
9,1km

Ein kveldstur frå teltplassen på Måssåhaugen. Spektakulær utsikt til Neådalssnota i solnedgangen.

Karte    

Gjevilkasskamman

Datum:
01.08.2020
Tourlänge:
9:56h
Entfernung:
26,6km

Full klaff med godver og helgefri! Camping på Rauøra og deretter ein lang dag over alle Gjevilvasskammane. Med sand mellom tærne etter natta starta vi dagen med fem tilnærma flate kilometer inn til Rensbekksetra. Deretter på god sti opp til Rensbekktjønna og vidare opp ura til Midtre Gjevilvasskam. Herifrå i artig terreng for armer og bein opp til Store Gjevilvasskam, som tydelegvis heiter Midtre, i alle fall om ein skal tru på boka på toppen (og det skal ein vel). Deretter vidare i usedvanleg lettgått høgfjellsterreng som minna om ei blanding av betong og teppegolv via Indre Gjevilvasskam og til Nordre. Nokre telemarksvingar utan ski nedover snøfonna, ein litt seig motbakke, og vipps, så var vi på Hemre. Her innvilga vi oss ein god pause med både varmmat og utsikt mot ein av >>>

Flånebba, Hufatet og Smisetnebba

Datum:
19.07.2020
Tourlänge:
4:27h
Entfernung:
22,8km

Raskt opp til Flånebba og vidare langs ryggen mot Hufatet. Deretter ned i Viddalen for å studere myra på nært hald. Bratt, vått og glatt rett opp mot Indre Nonshaugen, og deretter langs sjølve indrefileten - ryggen frå Smisetnebba sørover mot Flånebba.

Karte    

Snøfjellet

Datum:
18.07.2020
Tourlänge:
6:39h
Entfernung:
18,2km

Karte    

Valåsen og Litjåsen

Datum:
17.07.2020
Tourlänge:
1:42h
Entfernung:
15,4km

Traff midt i dagens hissigaste regnbyge.

Karte    

Karihaugen og Gjersvollhaugen

Datum:
15.07.2020
Tourlänge:
1:25h
Entfernung:
7,6km

Slo følgje med brorparten av dei fastbuande fluene i Sunndal kommune.

Karte    

Mulvikknuken

Datum:
15.07.2020
Tourlänge:
1:16h
Entfernung:
6,9km

Truleg ikkje den beste tida på året for å ta seg til topps på Mulvikknuken, men etter å ha kika på denne toppen frå sambuarens hytte i fleire år var dagen no komen. Kanskje finst det ein slags sti frå der skogsvegen sluttar, men den kan eg med hundre prosent sikkerheit seie at eg ikkje fann. Ein kamp mot fluer og klegg oppover bregnekledd terreng vart premiert med ei formidabel utsikt. Den som tek seg hit for å plukke molt på myra nedunder toppen fortener kvart eit gram... Nedatt meir eller mindre same veg som eg kom, i alle fall så godt det lot seg gjere. Finare å sjå på enn å gå på!

Karte    

Trollhøttaeggen

Datum:
14.07.2020
Tourlänge:
8:41h
Entfernung:
21,0km

Aldri før har ein Audi A7 vore nærmare Holtasetra enn sjåfør Lund sitt eksemplar denne føremiddagen. Etter å ha bomma litt med navigeringa ut frå startblokka (følg skilting mot "Bokk" for å krysse elva) fann vi etterkvart stien mot Trollhøtta, og tok oss til topps medan mørke skyer kom gradvis nærmare. Vi gjekk heldigvis klar av dei verste bygene, og la i marsj over eggen (heller for seg sjølv på Trollhøtteggen enn i kø på Romsdalseggen!). På austenden vurderte vi eit besøk på Pekhøtta, men hardpakka og lite gjestmild snø gjorde at vi la ruta rett ned lia mot vatnet. Dette vart ei strabasiøs ferd med glatte sva og bratte snørenner, men ned kom vi. Vidare ned i vått og sleipt terreng for til slutt å finne stien på austsida av elva tilbake til Holtasetra.

Karte