Archive - Date
Favourite peaks
Rudlo
- Date:
- 30.08.2015
Gjekk fra kaien på grusveg innover Vågen og til Storådnøy. Deretter fulgte me ryggen i søraustleg retning mot toppen. Stien var overgrodd av buskas og vanskeleg å følge.
Nordstølfjellet
- Date:
- 29.08.2015
Parkerte ved Skrøyla ovenfor Fossmork og fulgte sti opp lia til Holtastølen. Gjekk så opp til toppen av Nordstølfjellet. På tilbaketuren gjekk me over Salen (som har trigpunkt) og via annleggsvegen langs Fossmorkåna.
Vaseknuten og Stakkvikknuten
- Date:
- 09.08.2015
Parkerte på Gilja og fulgte merka sti mot Madland. Fulgte stien forbi Brekkestølsvatnet og Djupevatnet før eg tok av til Vaseknuten omlag i skaret mellom Vaseknuten og Stakkvikknuten. Etter å ha vore på Vaseknuten gjekk eg ned til Risatjørn og opp på Stakkvikknuten frå aust. Fra Stakkvikknuten gjekk eg rett ned til Brekkestølsvatnet og tilbake til Gilja.
Morkafjellet
- Date:
- 07.08.2015
Parkerte bilen på grusplassen i sørvestenden av Ragsvatnet. Starta med å gå opp Hegdabakken. Her var det ein tydeleg og god sti. På toppen tok me snarvegen over Tagaskaret og over i Svartedalen. Gjekk opp Svartedalen til Stølsvatnet. Morkastølen ligg bratt til i lia på nordsida av vatnet. Gjekk nordover forbi stølen og opp på heia til Russedalsberga 647moh. Tilbake om Svartedalen, Kyrkjestadvatnet og Kjørkjestadnuten.
Gryteknuten
- Date:
- 02.08.2015
Parkerte ved Preikestolhytta og fulgte stien mot Ulvaskoghytta. Fra det høgaste punktet før Gydalen var det sti til toppen.