Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (3)
- Jogging (1)
Peakbook-Friends
Vikestølheia
- Date:
- 26.05.2019
Vår tur starta ved Hundabergbruene. Parkerte ved Fundingslandsvegen omlag 2km frå krysset Vormedalsvegen/Fundingslandsvegen.
Me følgde god sti opp langs Hundaberga og inn Hundabergdalen til Subbelia. Vidare på stien forbi hytta i Subbelia og opp til bekken som kjem frå Saupstølmyrane. Her kryssa me bekken og fortsette mot søraustopp lia mot Vikestølheia. I lia her fann me ikkje nokon sti, men fann igjen ein god sti når me gjekk opp på heia i Sauaskaret. Me følgde skaret og bekken vidare til ei lita tjørn på 750 moh. Herifrå mot søraust rett mot toppen på 832 moh.
Vikestølheia er relativt flat på toppen, og det er vid utsikt mot alle himmelretningar. Innover heia ser me Kvanndalen, Frigardsheia, Fjellsenden og Brenneknutane. Nordover ser me Hauaskjøla, Gullingen, Napen og lengst >>>
Napen på ski
- Date:
- 19.04.2019
Turen starta ved Gullinen skisenter og gjekk innover vegen i Breiastølsdalen, vidare forbi Sandsavatnet og vidare innover på vegen til ein har Moavatnet på høgre handa. Her tok me av vegen og tok fatt på ei bratt kneik opp til Buarekvelven. Det er ei sankehegne for sauer der ein svingar av vegen, og sommarstien er nølt (varda) slik at med lite snø slik som nå så ser ein nødlingane. Når ein er komen opp til Buarkvelven er det berre å gå inn til botnen og rett opp skaret opp til Midtnutevatnet. I skaret her er det bratt og det kan vera litt skummelt ift. rasfare dersom der er mykje snø. Nå var vinteren på hell og det var nesten like raskt å ta skia av og å følgje stien på dei snaue rabbane midt i skaret. Oppe ved Midtnutevatnet møter ein turistforeningen si løype mellom >>>
Hjelmeland sitt høgaste - Stora Blåfjell
- Date:
- 22.07.2018
På tur til det høgaste fjellet i Hjelmeland. Turen starta frå Førrevassdammen, og fortsette på merka sti aust for Stora Gjilavatnet. Stien er merka fram til Blåfjellhytta, og ein følgjer denne stien omlag 4 km før ein tek av opp mot toppen. Varden på 1254 er eigentleg ganske puslete, og me fortsette til varden på 1236 moh som er eit noko staslegare byggverk, og kor utsikta er minst like flott. Herifrå gjekk med ned til dammen i vestre enden av Stora Gjilavatnet, deretter langs den gamle anleggsvegen tilbake til Førrevassdammen (Blåsjø var nedtappa, og det gjekk an å gå den gamle vegen som elles ligg under vatn).
Holmanuten - Røldal
- Date:
- 30.06.2018
Dette var ein flott tur. Ikkje så lang, men gjennom grøne fjellbeite, forbi små vatn og opp i høgda med utsikt til Røldalsbygda. Me starta ved vegen over Saudafjellet ved ei sankehytte som ligg på sørsida av vegen omlag ein 1 km vest for Ekkjetjødna. Her gjekk me ned dalføret mot sørvest i retning Vasstølen. På høgda før ein start nedover mot Vasstølen tok me av stien og gjekk rett opp bakken mot Holmanuten. På oppturen gjekk me rundt sjølve nuten og fekk med oss utsikten mot Bratlandsdalen og Breifonn. Oppe på toppen hadde me flott utsikt mot Røldalsbygda og mot nord såg med Tindane, Kyrkjenuten og ikkje minst Folgefonna. Me gjekk ned eit skar på vestsida av nuten og tilbake til utgagnspunktet. Denne turen er det nok ikkje så mange som går, men den kan anbefalast.
Hovlandsnuten Opp
- Date:
- 09.06.2018
Heile familien på Hovlandsnuten opp. 3 av 4 på tid, mor sjølv i trimklassen og utan tidtaking. Kokvarm dag, men fin tur gjennom eit flott og variert terreng. Start ved Risvoll skule, gjennom fint kulturlandskap, vidare gjennom hyttefelt og stølar, før siste kneika opp til toppen. Her har sherpaane vore og murt trapper, så det er lett og godt å gå. Som alltid veldig mykje gilde folk, og god stemning. Dei sprekaste i familien var oppe på rett under og rett over timen (det er fort). Mor sjølv brukte omlag 1 time og 40 minutt. Skal ein gå ein roleg tur, må ein rekna litt lenger tid.