Arkiv - dato
"Peakbookvenner"
Holmanuten - Røldal
- Dato:
- 30.06.2018
Dette var ein flott tur. Ikkje så lang, men gjennom grøne fjellbeite, forbi små vatn og opp i høgda med utsikt til Røldalsbygda. Me starta ved vegen over Saudafjellet ved ei sankehytte som ligg på sørsida av vegen omlag ein 1 km vest for Ekkjetjødna. Her gjekk me ned dalføret mot sørvest i retning Vasstølen. På høgda før ein start nedover mot Vasstølen tok me av stien og gjekk rett opp bakken mot Holmanuten. På oppturen gjekk me rundt sjølve nuten og fekk med oss utsikten mot Bratlandsdalen og Breifonn. Oppe på toppen hadde me flott utsikt mot Røldalsbygda og mot nord såg med Tindane, Kyrkjenuten og ikkje minst Folgefonna. Me gjekk ned eit skar på vestsida av nuten og tilbake til utgagnspunktet. Denne turen er det nok ikkje så mange som går, men den kan anbefalast.
Hovlandsnuten Opp
- Dato:
- 09.06.2018
Heile familien på Hovlandsnuten opp. 3 av 4 på tid, mor sjølv i trimklassen og utan tidtaking. Kokvarm dag, men fin tur gjennom eit flott og variert terreng. Start ved Risvoll skule, gjennom fint kulturlandskap, vidare gjennom hyttefelt og stølar, før siste kneika opp til toppen. Her har sherpaane vore og murt trapper, så det er lett og godt å gå. Som alltid veldig mykje gilde folk, og god stemning. Dei sprekaste i familien var oppe på rett under og rett over timen (det er fort). Mor sjølv brukte omlag 1 time og 40 minutt. Skal ein gå ein roleg tur, må ein rekna litt lenger tid.