Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (3)
- Jogging (1)
Peakbook-Friends
Lønahorgi
- Date:
- 24.09.2017
Treningstur til Lønahorgi. Starta frå Tråstølen og følgde traktorveg opp til kvilehytta, vidare på merka stil til tårnet på toppen av Lønahorgi. Fin utsikt over Vossabygda og innover Vossafjella. Me brukte ca. 3 timar tur-retur.
Nr.2- Glittertind
- Date:
- 21.07.2017
Familietur til Norges nest høgaste. Starta med sykkeltur frå p-plass inn til Glitterheim. Herifrå følgde me merka sti til toppen. Snaue tre timar opp, og litt raskare ned. Dårleg snø til aking. Det var ein skuffelse for nokon av oss, men turen var flott og utsikten frå toppen uslåeleg - minst like fin som frå storebroren Galdhøpiggen og mykje fredelegare.
Mjølkedalstinden - topptur i sommarsol
- Date:
- 19.07.2017
Me låg på Olavsbu og tok turen rett opp finna og vidare langs ryggen til toppen. Det var delvis nølt (varda) veg og lett å finna kor ein skulle gå. Litt luftig for dei med litt høydeskrekk, heilt ok for oss utan. Fantastisk dag for ein topptur, blå himmel og shorts og t-skjorte! Så fint at me gløymde å sjå på klokka, men eg trur me brukte omlag 2 timar opp. Nedturen gjekk raskare med aking på fonna. Fin tur for både mor sjølv og ungdommen.
Skaulen
- Date:
- 06.05.2017
Etter gode råd frå hyggelege Saudabuar gjekk me på Skaulen via Breidkvam. Me svinger av fylkesvegen på Birkelandsmoen ved motorkrossbana, og køyrer på skogsbilveg så langt me kom for snøen. Me kunne setja skia på frå start, og følgde vegen til Breidkvam. Vidare bratt opp Dyrskarbotn og over Dyrskarvatnet. Siste bratte kneika opp i enden på vatnet, og visste opp langs ryggen på Skaulen opp til varden. Her er det eit fantastisk rundskue der du ser mot ha et, og du ser Folgefonna, Kyrkjenuten og Tindane, og over Suldalsvatnet til Snønuten.
Dette var ein flott vårskitur av beste sort; i shorts og t-skjorte og tjukke lag med solkrem. Me brukte dryge 5 timar tur-retur, med 8 personar i følgje og yngstemann på 10 år.
Berakupen
- Date:
- 14.04.2017
Langfredag Påska 2017:
Me starta turen frå Høl hyttegrend. Fantastisk ver og silkeføre! Opp Hølalia, forbi Skisete og Hadle og rett opp på toppen. Det var mange på toppen denne dagen.
Eg og eldste sonen på 12 fortsette sørover og ned til Steinstølen, ned dalen og forbi Fljotdal og Vivelid. Vidare følger med kvista løype opp Berastølsdalen, opp til Hadle igjen og tilbake til Høl. Flott rundtur, akkurat passe lang. Me brukte omlag 5 timar.