Øyeåsen/Kodl (18.12.2016)
Ascents | Øyåsen (363m) | 18.12.2016 |
---|
Fin liten trimtur på Randøy. Me starta frå velteplass ved Saltkjel, ein snau km vestover frå Randøybrua. Herifrå følger ein skogsvegen så langt den går, vidare på sti. Stien er berre delvis merka, men den er godt synleg og det er ikkje vanskeleg å finna vegen. Det er turpost med bok til å skriva namnet i både på Øyeåsen og på Kodl. Frå Kodl er det fin utsikt sør og austover. Me brukte ein god time tur/retur.
User comments